tirsdag 13. oktober 2015

Inger Bråtveit: Alice A4

Alice A4 av Inger Bråtveit (Innbundet)

Dette var ei spesiell bok, ein roman som var utruleg spennande å lese! Mest på grunn av at den er som eit eventyr. Og det er vel det som er meininga, da Alice i boka ikkje ønskjer å leve eit A4 liv, men vel Wonderland. Ein roman om Alice, som drømmer om kjærleik og frigjering fra det livet ho lever no. Bort fra mor si. og søstra. På tivoli vert ho spådd av ei spåkone som seier at ho ser noko lite og svart: 
"Du skal få ein kanin. Og du kjem til å verta glad. Og så er det asfalten, og greinene, dei er det verre med."  
Alice er fjorten år, og møter ein mann som lokkar henne med i ein kvit varebil. Han ventar på henne og seier at dei skal oppleve Wonderland saman.  "Me skal spegla oss i stjernene," seier han. Ho vert med han, veit kva ho gjer, men er aldri helit sikker. II starten er ho  flink til å turnera eit trippelliv, mellom skole, heim og mannen. "Du er snill, tenkte eg, og såg ikkje dei to øyra som vaks fram." Ho tenkjer at det er dei to, og er saman med han på bilturar dagleg. Her er flukten fra det livet ho skulle levd. 
"Hugs berre ein ting, Alice & alle dei andre: At det å mista seg sjølv er ein like stor kunst som å finna seg sjølv att."
Vi kan ane at mannen ikkje berre er den snille som skal redde ho frå barndommen og inn i det vaksne livet. Ho minnest mora sine ord:  "
"Presser du katten langt nok inn i eit hjørne, vert katten ein dag til ei rasande løve."
Ho opplever, som Alice i eventyrland, spegelshuset, labyrintane, klokkene, dronninga og jokeren. Og Tåresjøen er sentral gjennom heile boka. Etter kvart kjem ho ikkje heim etter skolen, inga kraft kan bremsa den krafta ho får saman med han.
Dette er ei bok om flukt frå verkelegheita. Forfattaren bruker mange bilete, drømmeliknande tekster og her er mange symbol. At Bråtveit har vald å bruke Alice i eventyrland som bakgrunn for forteljinga om jenta som vel eventyret framfor A4-livet, er eit kunstgrep. Heile historia får eit eventyrleg preg, og det demper litt på alvoret, som ligg bak heile tida. For meg har dette på ein måte vore å lese dikt, poetisk og kortfatta i oppbygginga. Vakkert. 

Har lyst til å sitere Olav Haakonsen i Morgenbladet: 
"Bråtveit skriver en type billedtett prosa som følger andre lover enn den kronologiske fortellingens … en roman som både er svært åpen og rik på kontaktpunkter – hvis man stokket om på tekststykkene ville de, liksom celler under et mikroskop, spontant opprettet nye forbindelser til hverandre, forestiller man seg … JA til Inger Bråtveit ogAlice A4"

Oktober forlag
2015
245 sider
Nynorsk
Lese som EbokBib på Iphone

1 kommentar:

  1. Så flott omtale - og fint at du bruker nynorsk når det er bokens målform. - Den hadde et fargerikt cover....

    SvarSlett