fredag 9. oktober 2015

Vigdis Kroken & Ragnhild Kolden: Evig skal døden vere

Evig skal døden vera - Vigdis Kroken Ragnhild Kolden

Eg liker disse to forfattarane godt, og ein ny krim passa meg bra no. Vi er i Lom igjen, og denne gongen er det påske og mange turistar i bygda. Nokre av dei er utflytta lomværar, som har hytter i heimbygda. Ei av dei, Stina Lunde, blir funnen drepen i hytta si. Det går ikkje lang tid før ein ny person frå Lom også er drepen, og politiet anar ein samanheng. Etter kvart viser det seg at desse to har gått på ungdomsskolen i same klasse, og mistanken om at noko dei har opplevd saman kan vere ein årsak til morda. 

Lensmann Eva Joten sender ut politimannen Jørgen Vold for å avhøyre folk om det dei kjenner til frå gamle dagar. Det viser seg at fleire har hemmelegheiter dei ikkje er så glade for å få fram i dagen. For omlag eit år sidan var det ein klassefest, der alle frå ungdomsskoletida var samla , og no kjem det fram at det  hadde vore nokre samanstøytar der mellom fleire i klassa.

Ikkje lett å vere politi i eiga bygd, når ein kjenner alle. Men Jørgen får god hjelp av Sylfest Seljestad, som opprinneleg kjem frå bygda, men er no i Kripos. Dette er ein herleg, roleg krim i rolege omgjevnadar i fjellbygda.. Det liker eg godt! Og så kan lesaren vere med på leitinga etter mordaren. Eg trudde eg hadde løysinga, men her var det meir å hente før saka var oppgjort.

Dei to forfattarane skriv frå si eige heimbygd, med gode kunnskaper om folket sitt. Og med stor kjærleik til miljøet og naturen der. Venter med spenning på fleire bøker fra Kroken & Kolden.


Samlaget
2011
219 sider
Nynorsk


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar