torsdag 5. mai 2016

Gaute M.Sortland: Johan


Johan av Gaute M. Sortland (Innbundet)
Dette er vel ei ungdomsbok, men så absolutt også for vaksne. Hovudpersonen i boka er Johan, og boka startar med at han vaknar første dagen i sommarferien frå ein draum han ikkje hugsar. Men når han høyrer foreldra som snakker og kjende lyder utenfra , veit han kvar han er. Og det er ikkje berre bra. Han har nettopp mist veslseøstra si, og alle sørgjer. Boka er bygd opp med to parallelle historier, den eine er notida, der Johan slit med det som skjedde. Han går mykje åleine og finn ikkje glede. Den andre er frå den fisketuren han og venen hadde saman den dagen veslesøstra døde. 
Ein dag møter han Ingrid, som har kattungar i naustet. Ho fortel at ho har mist far sin, noko som gjer at Johan og ho har eim felles plattform. Dei har begge opplevd tap. Og no får han ansvaret med å passe kattungane hennar medan ho er på ferie. 
Ei fin historie om ein gut som ikkje har fått snakka ut om sorga si, da dei andre har nok med eiga sorg. Dei vaksne oppfører seg unaturleg og annleis overfor han. Johan har ikkje vore ute i båt etter hendinga, heller ikkje far hans. Da ei ny ulykke held på å skje, ser Johan korleis  faren også har hatt ei vanskeleg tid. 
Ei lita bok med stort innald .
Samlaget
2009
78 sider
Nynorsk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar