torsdag 24. august 2017

Rikard Ingdal: Hogst (Skjebneroman)


"Hogst handlar om ein mann som veltar under byrda av det han anar, men ingen vil seie."

Dette er ei vakker, men også ei tragisk bok. Forfattaren, som er frå Agdenes i Trøndelag har vore tømmerhoggar saman med far sin, og kjenner godt det miljøet han skriv om. Forteljinga går litt attende i tid, og Ingdal skriv eit noko gammaldags nynorsk, som passer bra til miljøet i boka.

 Hovedpersonen i boka er skogsarbeidaren Gorm. Han har heilt frå han var liten gut gått i tømmerskogen saman med faren. For faren var skogen det einaste han trudde på, mest som ein religion. Gorm gjekk ikkje alltid til skogen med like stor glede. Faren var ein stille mann, bestemt og noko hard. Han tok sjeldan kontakt med andre, det var på mange måtar ein einsam heim. Mora var mild og full av omsorg, og meir åpen enn far og sønn. No er Gorm vaksen, har kone og barn. Så døyr faren, og han kjenner at han må finne ut litt meir om kvifor forholdet deira alltid hadde vore så vanskeleg, så stille og utan forklaringar.  I ein av skogteigane faren eigde, Likskogen, budde ein mann faren hadde jaga frå bygda for mange år sidan. Han var kalla Galningen. Alt frå Gorm var liten har det ligge ein mystikk i denne skogen. Og det er mykje mystikk og overtru her. Vi aner at det er krefter i skogen som ein skal passe seg for. Her er gjengangarar og anna skrømt. 

Romanen er skrive vakkert, lyrisk, men heile tida med ein mørk undertone. Her er vakre passasjer der naturen blir bakteppet for det tause og kontaktlause forholdet mellom far og sønn. Eg likte denne boka godt, både på grunn av innhaldet og på grunn av språket. 

Aschehoug
2016
Nynorsk
Lese som eBokBIb

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar