fredag 24. november 2017

Ottar Kaldhol: Flest kvardagar (Forteljingar)



Eg fekk tips om denne boka gjennom bloggaren amo, som er kgift med forfattaren. Liker å lesa korte forteljingar/noveller, så da måtte eg låne denne på biblioteket.

Det er 17 forteljingar i boka, alle med hendingar frå liv og lagnad gjennom fleire generasjonar. Her er historier attende til først på nittenhundretallet og fram til nyare tid. Vi møter menneske frå bygdesamfunn på Sunnmøre, dei som lever ved sjøen og dei som bur på fjellgardane. Det er forfattarens besteforeldre vi møter i mange av forteljingane. Sterke folk som måtte slite for å klare seg. Dei rodde sjøen, dei dyrka jorda.

Han har gode minner frå huset der besteforeldra budde.:
"I kjøkenet i huset i Kaldholen var eg omkransa av bestemorskjærleik og salmesong i lukta av nysteika brød, og eit krus med varm mjølk. Huset er ikkje meir.
 Menneska som budde der, er, fordi mennesket er til så lenge nokon minnest det."

Her er triste historier, om å miste ein liten bror, rørande historier om bestemora som tek fram lommeduken med halssmykket ho skal bera i barnedåpen til barnebarnet. Kvardagshistorier frå levd liv, der det ligg mykje livsvisdom.

Ei lita bok om tida som var.

Osberget
2016
109 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket

4 kommentarer:

  1. Virker som en fin bok om hverdagsliv!

    SvarSlett
  2. Ofte fint å lese om hverdagsmennesker som lever hverdagslige liv - likte denne setningen din: Kvardagshistorier frå levd liv, der det ligg mykje livsvisdom.

    SvarSlett
  3. Jeg viste ikke at mannen hennes var forfatter.
    Må bare si at jeg likte dine to siste akvareller kjempegodt. De speiler høsten så flott!

    SvarSlett
  4. Kor kjekt at du har lese boka.
    Helsing Anne-Mari og Ottar :)

    SvarSlett