fredag 17. april 2020

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: Sinne (Ungdomsroman)

Sinne

Eg har gledd meg til å lese denne boka, og da eg fann ho på eBokBib i dag, kasta eg meg over ho.

Synne er 15 år og har ADHD. Foreldra har gått frå kvarandre, pappa har ny dame. Mora har falle heilt saman og har det vondt. På skolen slit Synne med konsentrasjon, og let ofte temperamentet sleppa laus, slik at det ikkje er uvanleg at ho havnar hos rådgivaren. Bestevenninnna Torunn kjenner henne best, og er god å ha. Men så byrjar to nye ungdommar på skolen. Kine, som er ein ufordrageleg influensar på Instagram, og kallar Synne for Sinne. Og pene og kjekke Johan, ein kjekk og real gutt, som viser interesse for Synne. 

Synne tør mest ikkje å tru at Johan liker henne, og er redd for å skuffe Torunn, som ho tror er interessert i han, ho også. På ein klassefest blir det servert drikkevarer, og det blir mange misforståingar og trøbbel, særleg for Synne. Torunn sviktar henne og det ser ut som om Kine er den nye bestevenna hennar no. Rådgivaren på skolen og foreldra vil at Synne skal byrja med medisinar att, noko ho gjorde på barneskolen. Synne er redd for at nokon skal få kjennskap til at ho har ADHD, og veit ikkje kva ho vil. Skal ein pille styre livet hennar? Ho kjenner på eit utanforskap, og får ikkje forståelse frå nokon, tykjer ho. 

Historia er fortalt frå Synne sitt synspunkt, og som lesar kjenner ein empati for den unge jenta som slit med sterk uro og bobling i kroppen når ho veit ho skal konsentrere seg. 

Dette er ei fin, men sår forteljing. Synne ønskjer å vera ein del av fellesskapet i klassa, men set seg sjølv utanfor da ho ikkje klarer å styre sinnet sitt og uroa ho har i kroppen. Det fører til misforståingar, og det verkar som om det tek tid før ho tør stå fram og fortelje om diagnosen sin. Ei ungdomsbok som er viktig for mange, både dei som slit med ADHD sjølv, og treng oppmuntring til å stå fram og fortelje kvifor dei er så opp og ned i lynnet sitt, men også til andre unge, som treng å kjenne til korleis det å ha ein diagnose av eit eller anna slaget, og kan trå til som støttespelarar når ein treng det. 
 
Samlaget

2020
202 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib

4 kommentarer:

  1. Fin anmeldelse! Nå driver eg med flisespikkeri, men han som Synne liker og som er ny i klassen heiter Johan :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Skjønner ikke hvor jeg var! SElvfølgelig er det Johan! Takk for korreks!

      Slett
  2. Tusen takk for veldig fin omtale. Så kjekt at du likte boka. Den nye guten heiter Johan, som Elida påpeikar. Hehe. Men Daniel er jo også eit flott namn. :)

    SvarSlett
  3. Denne skal jeg også lese, gleder meg :)

    SvarSlett