Viser innlegg med etiketten bokmtale. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bokmtale. Vis alle innlegg

onsdag 24. juni 2015

Joakim Hunnes: Bøen. (Noveller)




Ei novellesamling som handlar om menneske som må ta vanskelege og tøffe val. Til dels brutale forteljingar, med mykje kvardagsrealisme.  Her er det einsemd, problem som ikkje vert løyste, alkohol, rus og kriminalitet. Menneska som novellane handlar om kjeier seg, og veit ikkje korleis dei skal leve livet sitt. Alle novellane tek for seg menneske i eit bygdesamfunn, og på ein måte heng dei saman, noko den siste novella viser oss. 

Vi møter ein mann som har mist alt og orker ikkje å leva lengre. Ein mann som har vakse opp med slosting og brutalitet, som ikkje klarer å løyse problem utan med vald. Ein mann henter ei postordrebrud, men ho passer ikkje inn, og han ender med flaska og det heile får ein trist ende. Ei ung jente forfører ein eldre mann, som ikkje taklar dette og tek livet sitt. Her er utruskap og elende på alle måter. Eg orkar ikkje å nemne alt, for eg må berre tilstå at dette vart for svart for meg. Skal eg trekke fram noko positivt finn eg det i novellen med boktittelen, Bøen l og ll.  Her er forteljinga slik at eg vert interessert i det som skjer, og klarer å kjenne på miljøet. I dei andre novellane sit eg berre att med ei ekkel kjensle av at det ikkje finns håp. Og fyll og sex kan eg lese om på anna hald, om eg vil. 

Javel, det er vel dette Hunnes ønskjer å presentere. Han skriv nøkternt og greit, og måten å formidla på er bra. Men som sagt, dette vart for håplaust og uinteressant for meg.

Eg er med andre ord ikkje samd med ellikkensbokhylle og tinesundal. som også har blogga om Bøen, og likte novellane.

Tiden forlag
2015
139 sider
Nynorsk
Lese som EbokBib