Viser innlegg med etiketten Artemisias diktutfordring november. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Artemisias diktutfordring november. Vis alle innlegg

lørdag 26. november 2022

Carl Frode Tiller: Det framande landet. Artemisias diktutfordring november 2022


Artemisias https://artemisiasverden.blogspot.com/p/diktsirkel-2021.html i november: Vi skal velge ein debutant, og da vet eg ikkje heilt om Carl Frode Tiller passar. Men så langt eg kjenner til, er dette første diktsamlinga hans, og da tek eg sjansen. 

 Forlaget har sagt om boka: "Det framande landet er Carl Frode Tillers første diktsamling. Han kallar det eit langdikt om kreativitet, skaping og overleving. Diktet tar seg alle friheter, og beveger seg gjennom tider og hendingar nærmast som ein slange. Gjennom verdas tilverting, fram og tilbake i menneskets historie. Med Elvis og neandertalarar, utan kronologiske og logiske grenser. Du'ets utallige metamorfoser glir saman i ein kaskade av verdsdetaljar - historiske og notidige. Alt krasjar med alt. Dei tidligaste jegarane skyt piler i Louvres montre, og verda må stadig skapast på nytt. For det går eit spøkelse over verda - og gjennom Europa."

Eg blei frista til å kjøpe denne boka, og er glad for det. Allereie på omslaget er ho spesiell og mangfoldig. Her er eit frodig måleri av Hieronymus Bosch, Lystenes hage.
Eg veit ikkje kvar eg skal begynne eller slutte, for dette stordiktet var sanneleg så omfattande og innhaldsrikt, at eg mest ikkje har fordøyd det enda. (Etter å ha lese det fleire gonger). Her er vi i alle menneskealdre, frå barnet som leiker med legoklossane, til den gamle som ikkje hugsar kven han er og  stuper, snublende. Her er himmel og helvete, truande og ikkje truande, fattige og rike. Her er våre overgrep mot natur og miljø, og alt i eit virvar av notid og framtid. Eller rettare sagt, ikkje virvar, for alt er så klinkande klårt; -veit du nok, eller kva? 

Eg meiner at eg har lese alt Tiller har gjeve ut, og sett teaterforestillinga bygd på Begynnelser, og er like forunda og mållaus kvar gong. Det er ikkje berre enkelt å lese det han skriv, for her er livskriser og visjonar og tankespinn fletta saman i  kontrastfylte bilete.  Men disse set så mykje på plass for meg.  Det er umogleg å ikkje tilrå boka til alle som les dikt!

Eg vil berre sitere frå Anne Cathrie Straume i NRK: 
"For en boblende, berusende dikt-debut! Carl Frode Tillers langdikt fyller meg med skrekkblandet jubel. (...) Det er forvirrende, det er tøft og det fungerer. (...) Voluspå har tålt tidens tann i tusen år. Hvor lenge Tillers ord blir stående, vet ingen. Jeg spår at det blir lenge."

Berre ein liten smakebit:
og i fallet ser du tangentane på pianoet inne i daglegstua lausne og vende tilbake til
elefantane på savannen
og du ser treverket lausne og samle seg i bladtunge eiker, ruvande skog

det viser seg at alle dei utstoppa elghovuda har hatt ein kropp gjømt inne i veggen og du
ser elgane rusle ut av vegkroer og hus og hytter
som om ingenting har skjedd

Aschehoug
2022
68 sider
Kjøpt