I denne vesle romanen møter vi ikkje berre Tuva, men fleire andre som har påverkning på livet hennar, så i alt vert det ni portrett. Tuva er den vi får minst innblikk i, ho vert ut frå dei andres karakteristikk vist fram som ei noko frustrert og stressa kvinne.
Det startar med at Tuva er åleine med to barn, mannen har flytt ut, til ei anna dame. Ho fekk huset, som no etter kvart treng grundig oppussing. Mor til Tuva er nett døydd, men dette angår ho mest ikkje. Ho har ikkje hatt god kotakt med ho etter at faren gjekk bort, mykje tidlegare. Dette gjeld også broren. Det "knuffar" mellom dei når dei møtest. Tuva gjer frå seg heile arven til han, ho vil ikje vere bunden til fortida.
Vi les om at ho drøymer om betre tider, nedturane, behovet for støtte frå andre . Eit portrett av ei ikkje uvanleg kvinne i vårt samfunn i dag. Det er slike portrett Marit Eikemo som oftast skriv om. Lettlese lita bok, som ikkje fengja meir enn nødvendig.
Samlaget
2021
174 sider
Lånt på biloteket
