fredag 29. mai 2015

Ragnhild Kolden: Fredens frosne hjarte


Fredens frosne hjarte



Dette er tredje boka i krigstrilogien som først og framst omhandlar søstrene Dagny, Emma og Tea Vik. Etter å ha lese dei to første bøkene, har eg sett fram til denne. Både for historia sin del, men også fordi eg likar Ragnhild Kolden sin måte å skrive på.
I denne siste boka er handlingen lagt til ein gard i Gudbrandsdalen. Året er 1960 , og krigen er snart gløymd for dei fleste. Men Dagny og Tea Vik slit framleis, på kvar sin måte, med det som hendte under krigen.  Boka tek til med at drengen på garden finn restane etter ein journalist som kom bort like etter krigen. No kjem gamle løyndomar og uoppgjorde synder fram i dagen, og mange i bygdesamfunnet vert merkt av dette. Dei tre som merkar det mest, er søstrene Vik, som alle tre har sterke minner fra krigen, minner som ikkje må koma fram i dagen. Minner om hendingar som dei ikkje ønskjer at andre skal kjenne til. Her ligg mykje skjult, og mistankane og alle løgnene dei i mellom vert ikkje mindre etter kvart. Funnet av restane etter journalisten, og eit besøk av en kunstmålar,som kjem til bygda, får utløysande følgjer for søstrene. 

Ragnhild Kolden har eit kreativt og godt språk, både når ho skriv om fjellet og naturen, men også når ho skriv om dei dramatiske kjenslene som ligg som ein understraum i livet til søstrene. Her er det mykje som ligg og vaker under overflata, både når det gjeld fortid og nåtid, og desse kjenslene er gripande godt skildra. Og her er eit tema som vi treng å få ei påminning om. Eg har verkeleg funne ein forfattar som eg vil følgje framover!

Samlaget
2014
216 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib
.

2 kommentarer:

  1. Er innom for å ynskje deg god helg.
    Takk for kommentar om bildet mitt frå Svolvær. Skulpturen er nok synleg berre når ein kjem med båt til byen. Hurtigruta gjekk nær den.

    SvarSlett
  2. Så spennende, dette hørtes ut som en serie for meg! Ønsker deg en flott helg :)

    SvarSlett