mandag 26. oktober 2015

Grete Kleppen: Uventa vendingar



Ein fantasifylt roman, lettlese og full av humor. Forteljaren skal overvintre på eit lite fiskevær på Romsdalskysten. Her står mange hus, men ingen bur her fast lenger. Ho vandrar rundt ute på øya, og finn ein mann som er skylt i land, livlaus. Ho får han i hus, og ette kvart kjem han seg. Ho trur han er russar. Av ein eller annan grunn har ho nøklar til alle husa på øya, så ho hjelper russaren inn i eit hus der det sjeldan er folk. Der finn han seg til rette med filmar og bøker, bak blendingsgardiner. Og han skriv på noko som ser ut til å bli ei bok. Men forteljaren skjønar ikkje verken skrift eller språk.

Russaren vert ei forstyrrande element, da ho har planlagt å vere åleine. Men fantasien er stor, og vi blir etter kvart kjent med ei mengd personar, frå gamal tid til i dag, i inn- og utland. Nokre av dei går att i historiane ho legg fram for oss. Det er Arthur og Arthur, to raudhåra skodespelarar, den fasjonable gamblaren Ashley, Greta Garbo, Rivera og Frida Kahlo og Ane Marta og Hans-Herlof. Til slutt veit ein som lesar mest ikkje kva som er notid på fiskeværet og kva som er absurde og irrasjonelle hendingar.
I siste kapittel møtes alle disse personane på bedehuset på øya. Og no kjem russaren, Igor, fram med det ferdige manuskriptet, ein realistisk samtidsroman frå den tida han har vore på øya.

Ei leikande bok, der forfattaren har skrive med smil om munnen og mykje latter i hovudet! Dette er ikkje ein realistisk samtidsroman, men heller eit eventyr. Ikkje den typen lesning eg er mest glad i, men artig ein gong i blant. Framsida er svært fin, passar til innhaldet i romanen.

Kleppen er frå Molde, så ho kjenner øymiljøet ho skriv om, og ho bur i Frankrike, så ho kjenner også plassane som fortejaren i boka fantaserer om.

Samlaget
2015
206 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

3 kommentarer:

  1. Jeg sliter meg gjennom denne nå og det er nesten som jeg har lyst til å gi opp til tross for at jeg bare er halvveis i boken. Er det russeren og ikke hun som skriver på disse fortellingene? Jeg likte historien om Ane Martha godt, men resten er bare forvirrende. Merkelig bok dette...

    SvarSlett
  2. Godt å se at vi har fordelt de nynorske bøkene mellom oss. Denne har jeg ikke i haugen min, men fikk lyst å lese den også, selv om Beathes kommentar gir meg litt bange anelser :)

    SvarSlett