onsdag 4. november 2015

Dagens dikt

Linjene


Rundt skal det vere:
Bæret drua tomaten poteta
eplet appelsinen melonen månen jorda og sola,
alle er runde på ein
eller annan måte
som er den same måten.
Brilleglasmåten.
Er det berre eit påfunn er det
litt fantasilaust.

Takke meg til den kantete boka.
Linjene går beint ut kvar for seg
gong etter gong,
ingen av dei vender tilbake til seg sjølve.
Anten går dei vidare eller så er dei slutt.

Einar Økland

1 kommentar: