fredag 26. februar 2016

Kort om Fotturar i Norge av Gaute M.Sortland.

 


Da har eg altså lese denne boka, som så mange har rost opp i skyene. Eg hadde ikkje tenkt å lesa den, da eg trudde det handla om fotturar i Norge, noko den ikkje gjer. (Eg er glad i fjellet, men liker mine eigne turar betre enn dei som andre skildrar). Men som ei av dei nominerte til Bokbloggarprisen måtte eg lese den, og tok den med på ei flyreise i siste veke.

Fotturar i Norge kan vere kva som helst. Alt frå å vere ein person til å vere eit skilt, ein leirklump, ein dram, ein prest eller ein sauebonde. Umogeleg å forutsjå.
Tekstene er stort sett korte, som noveller. Alle handlingane er lagt til landsbygda, og eg oppfattar mange av dei det handlar om som einsame og utrygge. Dei er på mange måtar typiske gjennomsnittsmennesker, slik samfunnet i dag er. Men trass i den tunge undertonen manglar det ikkje på humor. Eg humra meg gjennom mange av forteljingane. Men samstundes må eg vedkjenne at eg også var irritert over alle dei ulike Fotturane. Det er liksom måte på å vere original! 
Joda, boka var både humoristisk og grei å lese. Men helt greit for meg at eg ikkje las boka før no, for eg hadde ikkje nominert den til prisen, uansett.  

Samlaget 
2015
93 sider
Lese som eBokBib
Nynorsk




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar