mandag 14. mars 2016

Angelika Klüssendorf: April





April

Eg las romanen Jenta av Angelika Klüssendorf i 2014, og den rørte meg sterkt. No har eg lese April, som er oppfølgjaren av denne gripande oppvekstromanen-. No får vi sjå korleis det har gått med jenta utan navn når ho har vorte vaksen. Omtale av Jenta kan du lese her:Jenta

Jenta har no fått eit navn. Ho heiter April, etter ein song av Deep Purple. April har kome seg ut frå heimen, og no er det barnevernet som skal hjelpe henne vidare. Ho får eit rom i eit hus med svært elendig kvalitet og ei fæl vertinne.  Etter eit sjøvmordforsøk vert ho dagpasient på ein  psykiatrisk klinikk. April har lært seg sine eigne rutinar for å klare seg i vanskelege situasjoner, ho vil ikkje gje seg over å gråte. Ho ser andre menneske med kritiske augo, noko ho har god erfaring med frå ho var lita jente. Ho gruvar seg ikkje for å lyge eller å bedra, ho lagar seg fantasier og draumar. Ho treng kjærleik, men når ho møter menn vert det ikkje slik ho planlegg. Ho er sjølvdestruktiv.men også sterk. Ho brukar makt, både over seg sjølv og kroppen sin, og overfor menn. Det gjeld menn frå alle samfunnsklasser, frå Stasi til mannen  gata. Saman med mannen ho vert gift med søkjer dei seg til Vest, og etter manga rundar kjem dei til Vest-Berlin. Men livet i det nye landet er ikkje berre enkelt. Ho slit med kontrastane.

Det er ei usentimental og nøktern bok om ei jente som ikkje har hatt det enkelt i livet. Her er livet rått og tøft, men også vakkert og gripande. Klüssendorf viser gjennom desse to bøkene ei historie om korleis det er å vekse opp i en valdeleg familie i DDR, og korleis ho slit med å kome seg vidare når ho vert vaksen. Mange reiste over til den vestlege delen av Tyskland, anten ved å søkje, eller ved flukt.

Angelika Klüssendorf er sjøl oppvaksen i Aust - Berlin, og har vore i gjennom flukta til vest. Mykje av det April opplever, har ho difor godt kjennskap til. Det gjer historia svært autentisk. Ein sterk samtidsroman. 

Skald forlag 

2015 

201 sider

 
Godt oversett til nynorsk ved Øystein VIdnes, som også står for omslag og sats.

1 kommentar:

  1. heisann... takk for tipset, jeg forhører meg på skolebiblioteket i morgen. Ha god lesepåske ;:OD)

    SvarSlett