Ei svart, dyster bok, men samstundes svært vakker. Som omslaget.
Dette intervjuet seier mykje om språket i denne spesielle diktsamlinga:
Dette intervjuet seier mykje om språket i denne spesielle diktsamlinga:
"– Eg vakna ein morgon, og så var språket mitt borte. Engelsk og spansk gjekk fint, men ikkje norsk, seier forfattar Catherine Blaavinge Bjørnevog.
To gonger har ho opplevd å mista det norske språket etter svangerskap. Ho forstod, men fann ikkje orda sjølv. Først etter fleire månader med ulike små og store øvingar kunne ho uttrykka seg som normalt igjen.
– Viss eg hadde ein agurk, så sette eg på ein lapp der det stod «agurk». Eg klipte ut alle orda i avisa og sette dei saman igjen.
Litt etter litt kom språket tilbake. Då kom diktinga òg. Bjørnevog, som er utdanna kunstnar med keramikk og foto som hovudfelt, fortel at erfaringa med å måtta setja saman orda på nytt i hovudet gav ho ei heilt ny tilnærming til språket, som opna for skapande skriving.
– Det var ei språkleg openberring. Eg lærte å elska språket gjennom å mista det."
Eg lytta til opplesninga hennar først, før eg las diktsamlinga. Det trur eg var veldig viktig, for det er ikkje berre enkelt å lesa dette. Eg las dikta høgt for meg sjøl, for da kunne eg kjenne eg att både mi eiga dialekt og dialekta mor mi hadde, frå Gudbrandsdalen. Da vart det ein samanheng for meg. Dette er ein spennande leik med ord, utruleg vakkert.Innhaldet i dikta, som har en heilhet, er sakn, lengsel og sorg. Her er mykje fortviling, det er mørkt og tungt. Vi skjønar at ho har elska ein som ikkje vart der. Han er der berre om natta. Han er på mange måtar ein eventyrfigur, som vi kjenner att frå både folkeeventyr og greske legender:
"Kjærleiki mi
Bjønn um dage. Mann um natte.
Me lyt møtast im morgume.
O kom aup me
kom kom"
Ho har mist fleire barn i mors liv, berre ein er født levande:
"Meist de va berre deu
minn fysste minn venaste
sum kom aut ur me
i levande kjøt"
Ho har opplevd at heim, gard er lagt øyde.
" De bi inkje sumar her
De vårar inkje
Gardi ligg aud o kold
Meist innuti me veks ei plome af eld"
Kva som er årsaka til elendet veit vi ikkje. Kanskje det er ei historie som går over årtider, som gjeld kvinner som opplever det same? Det spelar ingen rolle, dikta står for seg, så utruleg sterke og gripande. Eg er verkeleg glad for at eg oppdaga denne særeigne diktsamlinga. (Kanskje så særeigen at mange ikkje vågar seg på ho, noko som ville være synd.)
beathe og ellikken har også blogga om denne diktsamlinga. Og les gjerne Merete Grøslund Gravlund sin kritikk.Littkritikk.no
Samlaget
2016
137 sider
Nynorsk
Lesareksemplar
Alle dei skjebner...
SvarSlettGodt at ho kan skrive ned det som ligg på hjartet.
Denne har gjort så sterkt inntrykk at jeg får gåsehud når jeg leser dine ord. Måtte den få enda mer oppmerksomhet!
SvarSlettDet Eli sier!
SvarSlett