fredag 2. desember 2016

Anna Gavalda: Livet, til det betre



Eg har likt bøkene til Anna Gavalda svært godt, særleg på grunn av at ho er ein svært god menneskekjennar, har gode kunnskapar i psykologi, og samtidig har ho mykje humor og hjertevarme. I denne boka handler det om tre personar, i tre ulike historier. Alle tre leiter etter noko som kan gjere livet deira betre.

Den første er Mathilde, ho studerer kunsthistorie og jobbar svart for fetteren sin attåt. Ho lever i kollektiv. Ho leiter etter drømmemannen, som ho ikkje finn.  Ein dag rotar ho bort veska si, med mykje pengar i. Veska har ho arva av mor si, og pengane er delvis pengar innsamla frå andre, til bruk i svarthandel. Det klikkar heilt for Mathilde når ho oppdagar kva som har skjedd. Men ein dag vert ho oppringt av ein som har funne veska hennar. Med alt innhaldet urørt. Ho møter mannen, som ho tykkjer er feit og ufin. Han arbeider som kokk, og vil gjerne treffe henne for å syne fram kva han held på med. Men ho avviser han. Seinare finn ho eit brev han har skrive og gøymd i veskelomma. Eit brev som fører til at ho må treffe han att. Men han er borte. Svarar ikkje på telefon, Har bytt jobb, reist frå byen. Kva no Mathilde?

Yann er den andre som søker noko nytt i livet sitt. Han bur saman med Melanie og arbeider som seljar etter at han droppa ut frå designstudier. Dei er svært ulike, og Yann trivst ikkje. Han er tjuesju, kjenner seg som ein gammal tulling. Kjenner seg usynleg og gjer alt han blir fortalt.  Puggar og les på noko han ikkje interesserer seg for. Da han heilt tilfeldig vert kjent med ein spesiell familie som bur i same hus, skjønar han at han har gått glipp av mykje. Her er det samkjensle og humor. Her er alle lausslupne og frie. Han kjenner endeleg at livet ligg framføre han. Det er slik han vil leva.

Den siste historia handler om Billie. Dette er historia som Gavalda har gitt ut som eige bok, som eg har lese, men las om att no. Billie veks opp hos stemor si, da mora ikkje orka å ha ein skrikarunge da ho var lita jente. Ho er ei stille jente som seier lite, blir mobba på skulen. Ho har ikkje vener, men da ho må framføre eit skuespel på skulen, saman med Frank, får ho ein venn, ein å snakke med. Billie prøver ut livet på mange måter, for å overleva. Frank er homofil, og reiser bort for å gå på skole. Dei er to skjøre ungdomar, som saman på ein måte prøver å kome unna vold og utbytting. Gjennom fleire år møtes dei no og da, lever saman, flytter frå kvarandre.  

Språket i boka er tøft, rått og ekte. I dei tre historiane vert det veksla mellom fortid, nåtid og framtid på ein fin måte. Lett å følgje med. Oversettinga er imponerande bra, ikkje lett å følgje opp ein slik språkbruk, og likevel få den til å væra autentisk. God underhaldningsroman av Anna Gavalda enno ein gong, men den slår ikkje "Saman er ein mindre aleine" . 


Kleppanrovaarielberit og tine har lese boka også.

Samlaget
2016
442 sider
Oversett av Tove Bakke
Nynorsk

2 kommentarer:

  1. Helt enig at den ikke slår "sammen er ein mindre aleine". Hun er flink til å tolke det moderne menneske og slitet som de unge strever med. Verden som nesten går til grunne når mobilen forsvinner osv. Takk for link. som lydbok var denne så fantastisk bra lest.

    SvarSlett
  2. Jeg har kun lest "Eg elska ho" av Anna Gavalda, men det var en så fin opplevelse at henne skal jeg lese mer fra. Fantastisk god oversettelse til nynorsk, syns jeg. Har notert meg at "Saman er ein mindre aleine" kan være den beste, men denne virker da også veldig fin etter omtalen din.

    SvarSlett