mandag 3. april 2017

Ragnhild Kolden: Det gode vi ikkje gjer (Krim)


Ragnhild Kolden har skrive fleire romanar og krimbøker, og eg liker det eg les!

Hovedpersonen, Selma, er no i femtiåra. Ho har vore sjukepleiar, men er no uføretrygda. Ho var aleinemor til Jenny til ho møtte Samuel da Jenny var sju år. No er Jenny 24 år, og pasient på psykiatrisk sjukehus.
Selma er ei usympatisk kvinne som går heime og kjeftar på mannen sin. Ho ser berre negative trekk ved folk, og held seg mest innendørs, bortsett frå den daglege morgonturen. Ho veit at bygdefolket snakkar om henne, men ho har si meining om alt. Selma besøker Jenny på sjukeheimen, men det er aldri trivelege møter. Jenny maser og kritiserer, det vert krangel, og Jenny ønskjer helst at mora held seg unna.

Ein dag oppdagar Selma at det har flytt inn ein mann i det gamle huset som ligg like ved turstigen hennar. Dette er den mannen ho meiner er skuld i Jenny sine vanskar, sjøl om han vart frikjend frå ryktene som gjekk for fleire år sidan. No er han kome attende til bygda, har fått jobb som lærar for nokre ungdommar som har falle utanfor. 

Selma kjenner raseri. "Raudt og stuttpusta raseri som høgg henne sund". Ho grip fatt i vaskebøtta og bruker alt det innebygde sinnet ved å vaske reint i heile huset. Det er hennar måte å møte vanskar på. Når alt skin og er reint rundt henne, kan ho endeleg slappe av - ei lita stund.

Etter kvart  får vi små innblikk i kva som har skjedd i tidlegare år, og aner samahengar som viser kvifor Selma er blitt som ho er. Det kjem fram korleis mennesker kan fortrenge vonde hendingar slik at det sett seg i kroppen som ein vond verkebyll, og all glede forsvinn. Selma let alt gå utover dei ho er glad i, slik at dei til slutt ikkje klarer å leva saman med henne. Forfattaren viser stor menneskekunnskap og evne til å formidle dette gjennom personane i romanen. Det er synd i Selma, men eg klarer ikkje å like henne.

Men eg liker boka, og anbefaler ho gjerne til andre leseglade som vil ha ein spanande roman med mange ingrediensar. 

Samlaget
2017
230 sider
Leseeksemplar
Nynorsk

1 kommentar:

  1. Den hørtes fin ut. Jeg må ha noen krimbøker å kose meg med i påsken, så jeg skriver ned denne :-) Takk for tips!

    SvarSlett