fredag 27. oktober 2017

Mette Karlsvik: Mørkerom (Roman)


Mørkerom
Mette Karlsvik er frå Frei og har skrive fleire prisbelønte bøker. I denne romanen handler det om Mette, som hadde eit svært godt forhold til far sin. Han var flygeleiar og fotograf på fritida. Han døydde tidleg, ho studerte i Glasgow da ho fekke meldinga om at han var sjuk. 
No minnast ho faren gjennom fotografia i albuma, som det er mange av. Ho minnest heilt attende til den tida han vart fødd. 
"Der du blir fødd, er det særs vakkert. Berre det å bli fødd, å bli fødd der, å vere grøn i det som er grønt, berre det å vere til, det å ha verdi. Og mellom trea hoppar ekorn fordi dei hoppe vil, berre difor, berre fordi."  
Ho blar i album som viser bilete frå far og mor som unge, frå bryllupet deira. Og så kjem tida der ho sjølv vert ein del av familien.  Ho startar frå ho var eit lite foster, ja til og med frå da zygoten vert morula, blastoscyste og så foster.. Utrulege skildringar av foreldra sin reaksjon når dei er på ultralyd og ser det vesle fosteret. 
Faren tek bilete, og treng eit mørkerom..
"Huset blir fiksa i full fart. Før eg rekk å sjå lenger enn nasen min, er huset ferdig. For meg er det som om huset alltid har eksistert. Mørkerommet har alltid vore. Du har alltid vore far. Du var aldri gut, var alltid far min."
 Her er vakre skildringar frå barndomen, saman med den eldre søstra. Men etter kvart også tankar om faren sin sjukdom. Arbeidskollegaen Rolf vart også sjuk, samstundes. Det er svært store krav til god helse hos flygeleiarar. Eit yrke med mykje stress, ein må vere godt opplagt heile tida.
"Er de stressa? Stressar radaren cellene dykkar? Er det ein samanheng mellom det som skjer i deg, og det som skjer i Rolf? Stiller nokon spørsmål om arbeidsmiljø og stress. Er det ein grunn til denne mangelen på spørjeteikn."
 Romanen viser korleis det tette tilhøvet mellom far og dotter er, og korleis ho strevar med å finne seg sjølv når han er borte. Det handlar om å sleppe banda som var i mellom dei to og finne seg sjølv. Mette Karlsvik skriv godt. Ikkje berre lett å lesa, her må ein bruke tid. For ho har eit språk fylt med bilete. Og ho trekkjer inn vitenskap og historie slik at det glir naturleg inn i teksta. 

Eg veit ikkje om dette er ein sjølbiografi, da eg ikkje kjenner bakgrunnen til forfattaren. Men handlinga er lagt til Frei, der ho er vaksen opp, og eg kjenner att den tida da flyplassen på Kvernberget vart bygd og teken i bruk. Kanskje Mette i romanen er Mette Karlsvik. Uansett er dette ein vakker roman om kjærleik, familie og identitet. Og om sakn.

Samlaget
2017
220 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

2 kommentarer:

  1. Og der rykket boken oppover i køen, takk for flott lesetips, og heldige meg har boken i hyllen :) God helg Åslaug!

    SvarSlett
  2. Har ikke helt fått til en klang med Karlsviks bøker fra før, men kanskje denne gangen? Jeg ble i alle fall nysgjerrig av snuttene og omtalen din.:) God helg Åslaug!

    SvarSlett