torsdag 25. januar 2018

Alf Kjetil Walgermo: Røff guide til Bibelen (Sakprosa)

Walgermo er forfatter, journalist, kritiker og kulturredaktør i Vårt Land. Røff guide til Bibelen er ei bok for alle, til den som er skeptisk til Bibelen, nysgjerrig på Bibelen eller elskar Bibelen. Dette er ein spennande og lærerik guide til ei bok som vert utgjeve i omlag heile verda. Boka tek for seg det gamle og det nye testamentet på ein ny måte. Ho er skrive slik at ein får oversikt og forklaring av bøkene i Bibelen. Her er det mange referansar som viser korleis Bibelen har påvirka oss til alle tider, språkleg og kulturelt.  For ein kan ikkje sjå bort frå at litteratur, musikk og bildende kunst gjennom tidene har brukt Bibelen  som kjelde. Vår kristne og humanistiske arv har grunnlag i Bibelen. 

Walgermo skriv på nynorsk, med eit levende og godt forståelig språk. Han er ydmyk overfor originalen, han er frimodig til å tolke tekstene sjøl. Det er dette som gjer denne boka så interessant å lesa. Språket i Bibelen vert modernisert etter kvart, og det er bra, da tunge og gamaldagse formuleringar kan skremme mange, da det vert vanskeleg å forstå kva ein les.Når du les denne guiden til Bibelen, skjønar du det du les. 
Eg har ikkje lese boka av Walgermo frå perm til perm. Men har bladd og lese her og der, i begge testamenta. Eg las heile Bibelen da eg var ung, og i fleire år las eg andaktsboka til bestemor mi og song salmar saman med ho om kveldane. Seinare har eg lese ein dansk utgåve av begge testamenta som var skrive på ein lett forståeleg måte, nærmast på same måte som denne guiden til Walgermo. Mattheusevangeliet har eg studert grundig ein gong i utdanningssamanheng. Eg er ateist, og les sikkert ikkje Bibelen slik som dei som trur. Men for meg har det vore viktig å kjenne til kva som gjer at mange framleis sett lit til at dette er sanninga. Og det vert litt for lettvint å ta avstand frå noko ein ikkje har lese. 

Denne boka er ikkje akademisk eller forkynnande, seier forfattaren . Men han ønsker at folk skal finne stoffet i Bibelen interessant. Og det kan ein seia at det er. Det er mest som å lese eventyr, lik Tusen og ei natt. Boka er også ei bra oppslagsbok når ein kjem opp i debattar om religion. Og det er faktisk svært fascinerande lesestoff. Absolutt å anbefala å lese.

Samlaget
2017
377 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket

6 kommentarer:

  1. Jeg har ikke lest denne enda, men den ligger blant bøkene jeg skal lese først. Jeg er kristen så jeg ser kanskje på denne boken på en annen måte enn du gjør, men jeg gleder meg til å få vanskelig stoff litt lettere forklart :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bibelen kan leses fra ulike synsvinkler, og denne guiden er uansett kjempebra!

      Slett
  2. Takk. Veldig interessant... jeg vil gjerne lese :-)
    God kveld for deg og hilsen fra meg. Viola

    SvarSlett
  3. Denne har jeg liggende på vet. Trodde først det var en slags parodi, men det virker jo ikke sånn..

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ei seriøs bok, svært interessant lesing om en er kristen eller ei.

      Slett
  4. Veldig spennende å lese dine tanker om denne boken. Jeg er selv åpen for å lære om religioner, både kristendom, islam og andre, men er ateist som deg :)

    SvarSlett