fredag 30. november 2018

Solfrid Sivertsen: Ho sykla bort (Noveller)



Ei samling noveller, der ein ser verda frå ulike synspunkt. Mange frå barns synspynkt. Det startar med at to små søsken stikk av frå pappaen sin. Han har lulla seg inn i ei sorg, og ungane har han lita tid til. Kjøleskapet er tomt, dei må stelle seg sjølve. No tek dei bussen til mor si, og er spente på om far saknar dei.
Enkemannen som ikkje klarer seg sjølv lenger, og er komen på aldersheim, er ein vemodig novelle. Og ei lita jente har mist veslesyster si ei drukningsulykke, og foreldra klarer ikkje å sjå den eldste lenger. Ei kvinne er åleine med tenåringar, da mannen arbeider borte frå heimen. No vil ho overraska ham, og reiser  dit han arbeider. Men verda rasar samen, for tilhøva var ikkje slik ho trudde. Mykje sårheit, triste skjebner.

I tittelnovella overhøyrer eg-personen ein samtale mellom bestemora og nabokona om ei jente som sykla bort og aldri kom att.  Seinare får han høyre at ho hadde rømt frå far sin, som ikkje var snill med ho. Ho kom ikkje heim att før broren døydde, mange år seinare. 

Forfattaren ser barna på deira eige premissar. Dei handlar ut frå situasjonen dei er i, utan å tenkje så mykje over kvifor dei er der. Det er barne som tek avskjed, flytter på seg. Barn som ikkje vert sett.

 Eg liker den måten ho skriv på. På mange måtar svært enkelt, men undertonen er der, slik at etterpå oppdagar du at det var meir her.

Solfrid Sivertsen er født i 1947, og har skrive fleire romanar og noveller, først og framst for barn.. Ho har fått tildelt Nynorsk litteraturpris.

Samlaget
2018
140 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

2 kommentarer:

  1. Fint tips. Har ikke fått med meg denne..
    Ser du leser Kongonotatene. Den er jeg nettopp ferdig med. Spennende og interessant bok. Spent på å høre hva du mener.:) God helg!

    SvarSlett
  2. Takk for tipset. Denne har gått heilt utanom radaren min.

    SvarSlett