lørdag 27. april 2013

Anna Gavalda: Lykka er ein sjeldan fugl

Torsdagsbokklubben vår hadde møte denne vekas,  og tema for kvelden var Anna Gavaldas "Lykka er ein sjeldan fugl." Det var lenge sidan eg hadde lese boks, så vi måtte ha ei lita oppdatering.

Anna Gavalda - bok (Foto: Samlaget)

I romanem møter vi den vellykka arkitekten Charles Balanda. Han  nærmar seg femti, lever sammen med flott kone og stedatter, men kvardagane er grå. Men så får han eit brev med meldinga ”Anouk er død”, og minnene fra ungdomstida strøymer på. Anouk, som var mor til vennen hans, står for han som eit døme på den usjølviske lykka, ho hadde stor betydning for han på fleire måtar.  Charles tek turen attende til landsbygda der han vaks opp, og leitar seg tilbake mot hendingar og menneske frå ungdomstida. Etter kvart møter han  Kate, ei kvinne som bur i eit slags rotete, landleg paradis, omgitt av barn og dyr. Ho er rake motsettinga til kona og andre kvinner han kjenner no. Charles sitt kvardagsliv med statusjag og det å være mest opptatt av seg sjøl og sine ting. i møte Kate og hennar frie livssyn. fører til spenningar, og dei to trekkes mot kvarandre. Dei kjem frå to ulike kulturar. Han frå eit strengt og konformt miljø, ho LEVER livet.

Gavalda skriv slik at du lever deg heilt inn i det. Ho har gode karakteristikkar. Ja visst er det følelseslada og mykje romantikk. Men for meg vert ikkje boka for søt og "klissete". Her finn vi mykje humor og livsvisdom. I bokklubben vår var vi usamde om kor godt vi likte romanen.. og det gjekk først og framst på at det tok så lang tid å kome inn i historia. For min del las eg rundt 200 sider før eg "fann" hoka, men da var det gjort, og eg las resten med stor glede. Men vi var samde i at romanen med stor fordel kunne vore kortare.

Mi meining er at dette var ein svært god roman. Eg har lese andre bøker av Anna Gavalda, og likar hennar uformelle, uforutsigbare stil, der humor og alvor er viktige ingrediensar. Det handlar om mennesker og dei valga dei tek.

Samlaget
2009
623 sider



 

6 kommentarer:

  1. Eg likte også godt den boka.
    Men saman er ein mindre aleine syns eg var betre.
    Den var nydeleg.

    God helg !
    Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Ein god omtale - og eg fekk verkeleg lyst til å lese boka.

    SvarSlett
  3. Jeg elsker alle bøkene til Gavalda, hun er den stor favoritt. Liker at du skriver "der humor og alvor er viktige ingrediensar" - det sa du fint.

    SvarSlett
  4. Jeg har ennå ikke lest noe av Gavalda, men Saman er vi mindre aleine står klar i bokhyllen. Dit kommer nok Lykka er ein sjeldan fugl også :)

    SvarSlett
  5. Jeg måtte sjekke leselisten min for å se hvordan jeg likte denne, og ble forbauset da jeg så en 3`er. Jeg som trodde dette var en bok jeg hadde likt. Sånn kan det gå.
    Saman er ein mindre aleine likte jeg mye bedre :)

    SvarSlett
  6. Eg likte også veldig godt denne boka, men er enig i at første delen var litt tung. Etter at Kate kom inn i historia var eg solgt! Eg syns Gavalda beskriv menneske som ikkje lever ein "A4-tilværelse" med stor varme og kjærlighet, og eg blir veldig glad i personane hennar:)

    SvarSlett