onsdag 24. april 2013

Når våren kjem

Fekk så lyst til å dele dette fine vårdiktet med dokk.. Det er skrive av Kristofer Uppdal , som eg hadde ein liten smakebit frå søndag:

Når våren kjem
Eg hugsar eg dansa storglad
når vårdropla byrja låta.
No minner våren um ymist
som tek meg so eg må gråta.
Eg hugsar då eg var liten
og dansa med våren i kåta.
Når våren no vaknar kring meg
driv minna meg til å gråta.
Når våren i song og lauvsprett
og godlukt kjem som ei gåta,
eg lyfter mi åsyn og takkar
av di mitt hjarta kan gråta.



2 kommentarer:

  1. Litt melankolsk, men vakkert.
    Her regnar og mykje vind. Skikkeleg innever :)

    Ynskjer deg ein god onsdag :)

    SvarSlett