Dette er ei bok om "Døden, tankar og undring". Ei bok der Ulstrup har samla samtaler med menn og kvinner som er komne godt opp i åra, og svar ho har fått gjennom 40 år som journalist i NRK. Her er mange dikt om alderdom og tankar om den siste tida vi har. Boka har eit fint føreord av Asbjørn Aarnes. Bok er delt inn i tre hovudtema: Der liv og død møtest, Det siste farvel, og Døden i draum og undring.
107 år gamle Gyda seier at ho tenkjer på ting ho kunne angre på. " Det er så mykje eg ikkje har greidd eller hatt stunder til. Fordi eg alltid har hatt lyst til å gjera mitt beste, har eg nok blitt utnytta av andre. Eg skulle sagt nei mange gonger"
Åshild Ulstrup har i eit intervju sjøl sagt: " Døden er like naturlig som livet, og jeg har selv fått døden nært inn på livet. Jeg ble nærmest kledd naken etter at jeg mistet begge mine foreldre, min mann og to tanter i løpet av et år. Å snakke om døden har aldri vært tabu. Våre forfedre trodde de kunne gå igjen, og jeg har hørt at to gamle kaptes om å få dø før frosten kom."
Tidlegare var begravelser - eller gravøl - noko som gjekk føre seg over fleire dagar. Og i mange land er det framleis slik at folk kjem for å gråte saman med dei som har mist nokon. I boka er det mellom anna ei chilensk dame som seier at ho ikkje vil dø i Norge og bli putta i eit kjøleskåp. I Chile vil det være menneske som gret, snakkar med den som er død og omfavnar kvarandre i tre dagar før dei begrev den døde.
Her er det mange refleksjonar over liv og død. Det einaste sikre er at livet tek slutt ein gong. Difor er dette ei viktig bok. Temaet å eldes og å dø har vore lagt lokk på lenge. I denne boka åpner Åshild Ulstrup for å snakke om den siste tida i livet og om døden.
Samlaget
2012
197 sider
Høyrest fin ut!
SvarSlettJa, det er enda tabu i vårt land. Viktig tema.
SvarSlett