søndag 12. mai 2013

Kjærleik om morgonen! Vakkert!.

En smakebit på søndag:


En ny søndag der eg vel å legge inn eit dikt. Denne gangen skrive av Inge Krokann, som eg vaks opp med som ein nær ven av familien. Han har mykje bra, men skriv ofte på dialekt, så det er kanskje ikkje så lett tilgjengeleg. Men dette diktet kan alle nyte, det er så vakkert!

MORGONMØTE
Ho møtte meg ei morgonstund
då himmelen var klår,
ho møtte meg så blyg og varm
med sol og dogg i hår.
Eg såg ho djupt i augo inn,
og ho såg djupt i mine;
ho symde i mitt hjarte inn
med morgonaugo sine.

Og gauken gol og lerka song
og heile våren lo.
Og barmen gjekk og hjarto brann
og heitt var alt vårt blod.
Eg fanga ho, og femnde ho,
eg dtog ho innåt barmen;
eg kyste ho, ho kyste meg,
men tårevåt var kvarmen.

5 kommentarer:

  1. Vakkert! Ha en fin søndag :)

    SvarSlett
  2. Så nydelig dikt:) Det er nesten en skam at jeg ikke leser flere dikt enn det jeg gjør. Tusen takk for en fin smakebit:) Ha en fin ettermiddag,Åslaug!

    SvarSlett
  3. Så nydelig- og det mener jeg sjøl om jeg ikke er helt sikker på om jeg vet hva "kvarmen" er!! Følelsen i diktet derimot; den er ikke til å ta feil av ;o)
    Vi er nok flere som kunne lese mere dikt. Utfordring til meg sjøl der!

    SvarSlett
  4. Vackert. Jag vet inte heller vad "kvarmen" är förstås. ;-)

    SvarSlett
  5. Til Berit og Marika: Kvarmen betyr øyekroken.

    SvarSlett