fredag 23. januar 2015

Agnes Ravatn: Ikkje


                   
Agnes Ravatn: Ikkje
 I 2013 var det 100 års sidan norske kvinner fekk stemmerett, og Aschehoug markerte dette jubileet med å kvar månad  gje ut noko som kvinner hadde skrive.  Agnes Ravatn var eit sjølvsagt ønske til Stemmer-serien, sjølv om den unge forfattaren ikkje berre var begeistra for oppgåva (men ho var også det - ei stund). " Langdiktet Ikkje er ein tekst med motstand, og med ein ambivalens som er verd å lytte til."

Sjølv seier ho dette om Ikkje:
"Dersom dette kan
lesast som ein artig
petit om kafé og
amming så skyt meg."

Eg er barnevakt denne uka, og det seier seg sjøl at eg ikkje har mykje tid til å lesa bøker. Men dikt kan eg lesa, innimellom, og når den vesle ligg og søv. Og da eg ikkje gjer det alt for ofte, er dette eit fint høve til å  oppdatere meg litt.
Eit av dikta eg les er dette langdiktet Ikkje frå Agnes Ravatn.

Her handlar det om kva ho ikkje vil ta med i debatten, og det er gjort på ein humørfylt måte som gjorde at eg satt og småhumra  gjennom heile boka.
"Dette er ikkje eit
portrettintervju med
Trines matblogg.
Det handlar ikkje om
felles stemmerett, eller:
"Korleis vite kva ein
skal stemme?"
(ved å følge med litt).

Diktet fordømmer
ikkje det faktum at
Kvinner ikkje veit kva
handlingsregelen er.

For dette er ikkje ei
evaluering av kvinnres
stemmerett ( sjølv om
mange vil hevde det
var ein tabbe).

Og seinare ut i boka:

"Den gløymde kampsaka:
fleire kvinnelege gravferder
på statens bekostning.

Eit statleg finansiert
pilotprosjekt der kvinnelege
niqab-brukande folkemusikarar
saman med instrumentmakarar
frå Setesdal utviklar ein langeleik
ein kan spele på utan at stoffet
kjem i vegen."

Agnes Ravatn har eit lett og godt språk som passer like godt til dikt , essays og romaner. Eit vellukka innslag i samfunnsdebatten om kvinner og deira rettigheter.



Aschehoug
2013
73 sider
nynorsk

1 kommentar:

  1. Ravatn er helt konge, eller skal jeg kanskje si dronning, i denne forbindelse. Kanskje dette er et dikt som vil finne klangbunn i meg, takk for tips, jeg prøver!

    SvarSlett