Ja, da har eg sagt at i 2015 skal eg omtala bøker skrevne på nynorsk på same målet. Dette vert den første omtala mi på denne måten.
Eg har lese dei andre bøkene til denne fine forfattaren, så eg hadde store forventningar til Billie også. Eg har stor sans for Gavaldas måte å skrive om menneske på. Ho er ein stor mennskekjennar, ikkje minst var den første boka eg las, "Saman er ein mindre aleine", utruleg bra på dette området. Og det same med "Lykka er ein sjeldan fugl". Og denne boka er også ei bok om menneskeskjebnar, fortalt på ein røff og særeigen måte. Slik som Gavalda kan det.
Her møter vi Billie, som er forteljaren i boka. Ho er morlaus, har vakse opp i ein stefamilie der ho ikkje har hatt det godt, og manglar tru på det gode mennesket. Siste året på ungdomsskolen skal ho spele i eit teaterstykke saman med ein gut i klassen, Franck. Han er ein liten homsegutt, og dei to finn kvarandre. Han har ei bestemor som held huset opent for dei to, og dei opplever at dei har nokon som endeleg ser ein! Etter dette held dei to saman, og seinare flytter dei til Paris.
Samlaget
2014
198 sider
Omsett av Tove Bakke
Nynorsk

"Dei arbeidde som dyr,forsørgde kvarandre, plastra kvarandre, drakk kvarandre full, fekk kvarandre edru, kjefta på kvarandre, gjekk frå kvarandre, hadde en andre opp i alsen, forkjælte kvarandre, fornærma kvarande, avskydde kvarandre, kutta kvarandre ut, oppgraderte kvarandre, skuffa kvarandre, elska kvarandre, fann saman igjen og støtta kvarandre heile vegen, og først og fremst lærte dei å løfte haka saman. Det er dei som har levd. Det er det."I første kapittel sitt dei to i ei botnen av ei fjellkløft som dei har rasa ned i på ei utflukt. Franck søv eller er medvitlaus, og Billie, som er redd for å miste han, byrjar å fortelje om livet sitt til ei lita stjerne på himmelen. Det er ikkje noko lett liv, men vert fortalt på ein slik måte at du som lesar både ler og gret. Språket Billie brukar er rett på sak, røft og direkte. Den vesle løvetannjenta har opplevd det meste i sitt unge liv. Den største nedringa med prostitusjon og forfall. Men alltid har ho hatt ein evne til å sjå det med galgenhumor og tru på noko betre. Det er denne samanblandinga av det håplause og det positive som gjer heile historia til Billie så fantastisk bra å lesa. Som med dei andre bøkene til Anna Gavalda, tek det litt tid før eg er inne i forteljinga, men når ein er komen dit er det umogeleg å leggje den frå seg! Ein nydeleg roman!
Samlaget
2014
198 sider
Omsett av Tove Bakke
Nynorsk
For en god idè å skrive omtaler på nynorsk, hvis det er naturlig for deg. Jeg har lest 3 bøker av Gavalda, men må innrømme at det ikke passer meg å lese bøker som er oversatt til nynorsk fra et sofistikert språk som fransk. Handlingen i Billie er, hvis jeg husker rett mye tanker og prat, så de ytre tingene som plasserer oss i Paris eller andre storbyer, (hvor nynorsk høres litt rart ut) er få. Jeg likte de andre bøkene hennes bedre enn denne her...
SvarSlettJeg har tenkt å lese denne. Men det er sånn at jeg elsket Saman er vi mindre aleine og kunne ikke fordra Lykka er en sjelden fugl. Så boka har blitt satt litt på vent. Men denne omtalen fikk meg til å tenke på den igjen :-) (Så bra skrevet på nynorsk!)
SvarSlettAhhh Anna Gavalda så veldig fine bøker. Jeg liker å lese.
SvarSlettHa et riktig godt nytt år - ønsker deg veldig gode bøker :-))
Hilsene fra Viola
Så fantastisk fin omtale. Jeg syns nynorsk er utrolig fint og skjønner egentlig ikke hvorfor jeg ikke leser flere nynorske bøker. Nå har jeg i allefall skrevet ned Anna Gavalda på leselisten, så får vi se om jeg får lest noe på nynorsk ;)
SvarSlettJeg falt ikke helt for denne. Hørte den på lydbok, det kan jo spilt en stor rolle. Har ikke lest noe annet av forfatteren
SvarSlett