onsdag 4. februar 2015

Alf Kjetil Walgermo:Kjære søster

Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo (Innbundet)

Dette er ei vakker ungdomsbok, som eg tilfeldig kom over blant nye bøker som kjem ut i 2015. Walgermo har tidlegare gitt ut to barnebøker og en ungdomsroman, og har fått svært gode kritikkar. Og det har eg full forståing for!

Boka inneheld brev som Eli Anne legg inn på veggen på Facebook-sida til søstera Amalie, ei lukka side, som berre ho og søstera Amalie kan opne. Breva er skrive frå 5.oktober til julaftan. Amalie er død. Eli Anne saknar ho og klarer ikkje å finne seg til rette lenger. Verken på skolen eller heime, eller blant venner. Far meiner at dei bør slette Facebooksida til Amalie, men Eli Anne vil skrive disse breva ei stund først. Det er kanskje det luraste ho har gjort, for gjemmon disse breva klarer ho å sette ord på  følelser ho ikke har fått fram. Her kjem det fram sjalusi, sorg, skam, men også den store kjærleiken mellom søstrene. Ting som ikkje vart sagt medan Amalie levde, kjem fram. Her er det musikk. Patti Smith var idealet til Amalie, og no er det henne Eli Anne speler.

Det er ei gripande lita bok. Du kjem nær innpå dei to søstrene, og vi følgjer sorgprosessen til Eli Anne. Gjennom dei korte fragmenterte tekstene legg Eli Anne bak seg mykje av saknet og sorga, ho må leve vidare med tapet.
"5.november.
Kjære søster.
Eg har lova å skrive til deg kvar dag før profilen din blir sletta. Eg skal ikkj svikte deg. Men mange dagar klarer eg nesten ikkje å slå på laptopen. Eg er helit utsliten av å vere trist. Eg skulle ønskt eg kunne gløyme deg litt. Ikkje så lenge."

"22.desember
Kjære søster.
Eg har skrive til deg i heilehaust., Gått gjennom tinga dine. KLeda dine.. latene dine. Alle statusoppdateringane og bileta dine. Men du kjem ikkje tilbake. Og eg veit at eg snart må sleppe deg. Eg må slette profilen din no, som eg har lova. Kankje det e det beste...."

Cappelen Damm
2015
95 sider
nynorsk 

3 kommentarer:

  1. Denne gler eg meg veldig til å lese, enn så trist ho er. Eit viktig og absolutt aktuelt tema. Så flink du er til å måle, forresten!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det Lene. Har bestemt meg for å lage et forfatterportrett eller noe med bøker hver uke framover. Men skulle hatt med datakunnskap, da det hadde vært best å samle alle i en lysbildeserie el.l.

      Slett
  2. Jeg har lest og omtalt denne boken i dag, den gir et fint innblikk i et ungt menneskes sorgprosess. Det føles litt underlig å skrive det, men boka var ikke så trist som jeg hadde sett for meg. Lettrørt er mitt mellomnavn, men det var bare et par tre steder hvor jeg virkelig fikk tårer i øynene.

    SvarSlett