onsdag 29. april 2015

Ragnhild Kolden: Krigens skugge

"Krigens skugge - roman" av Ragnhild Kolden

Ragnhild Kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho debuterte i 2010 med romanen I krig og kjærleik, ei klok og medrivande framstilling av dobbeltagentverksemd under den andre verdskrigen. Ho følgde opp med Krigens skugge i 2012, og med Fredens frosne hjarte avsluttar Kolden krigstrilogien om søstrene Vik. Kolden har også skrive kriminalromanar saman med Vigdis Kroken.
 
På vei heim fra eit par veker på  reise vart eg tom for lesestoff, og eg gjekk inn på eBibBok og fekk "Krigens skugge" inn på i-phonen min. Da eg hadde lese den første boka til Kolden, vart dette ein flott oppfølgar, og flyturen heim fra Stavanger gjekk fort unna. Og eg skal nå låne "Fredens frosne hjarte", da denne trilogien likte eg, og eg er spent på korleis dette ender.
 
Krigen i Noreg var ikkje slutt i mai 1945 for alle. For nokre varte den mykje lenger. Jenter som hadde voret saman med tyske soldater fekk ein hard og lang straff, og her var "bygdedyret" aktivt med.
I denne romanen møter vi  Dagny, som står på stasjonen i Gudbrandsdalen og venter på søstra si, Tea. Ho var saman med ein tysk soldat, fekke eit barn, som ho aldri såg meir til, og har vore til soning i Trøndelag. No skal ho heim att. men det er ikkje lett, da alle veit at det tyskertøsa som kjem. Bygda skjønar ikkje kvifor Dagny, på den gjeve garden, kan sleppe inn den utskjemde søstra si. Men krigen kastar skugge over mange etter krigen, både dei som sveik landet og dei som sto på rett side. Det er dette Kolden trekkjer fram på ein gripande måte.
Kor lang tid vil det ta før ein slepp unna, eller slepp ein i det heile teke unna nokon gong?

Slutten i boka er heilt åpen, så no gled eg meg til å låne neste bok i trilogien.

Samlaget
2012
eBokBib
Nynorsk
 
 

3 kommentarer:

  1. Takk for tips.
    Dette høyrest interessant ut. Eg skal skrive ned titlane med det same :)

    Ha ein fin onsdag.
    Fint ver og kald vind her, eg har øyreverk så eg held meg inne...

    SvarSlett
    Svar
    1. Kald nordavind her og. Men sol frå skyfri himmel , så det hjelper litt.

      Slett
  2. Jeg har en av disse bøkene, lurer på om det er denne… skal lese dem en dag.:)

    SvarSlett