fredag 4. september 2015

Hans Sande: Kunsten å somle (dikt)


Kunsten å somle

Denne diktsamlinga inneheld ulike typar dikt, frå naturskildringar til kjærleiksdikt, dikt om liv og død.
Her finn vi både røff humor, men også dikt som viser sorg og tap. Hans Sande skriv om småbruket, om besteforeldra som har vore der tidlegare, men som no er borte. Dikta er korte og rett fram. Til dømes dette siste i samlinga:

Sikring
Dauden luskar rundt huset
Eg boltar døra
og set soveromsglaset på gløtt

Han skriv om kjærleik som tek slutt, gjennom dikta Farvel og Nattergal. Han skriv om sjukdom og redsle for å dø. Og humoren kjem fram i diktet Ferjedraum.

Ferjedraum
Eg la meg med smørsida opp
og du dryssa noko søtt utover magen min
Så la du deg flat oppå meg

Slik låg vi og duva
på veg over fjorden
Svele mot svele. 

Ei lita diktsamling som inneheld mykje. Lett å lese, lett å le av og lett å få ettertankar av.




Gyldendal
2015
64 sider
Nynorsk


4 kommentarer:

  1. Denne skal eg tipse mannen min om.
    Han og nokre karar til driv og syng på sjukeheimen og eldresentret mandagane, han les dikt mellom songinnslaga.Han har forresten ein favoritt, Helge Stangnes frå Senja. Har du lese noko av han ?

    God helg frå Anne-Mari
    som er på hytta og akkurat tok ut tre
    brett knekkebrød frå omnen :)

    SvarSlett
  2. Jeg kjenner at jeg ikke er dreven nok i diktformatet til å prøve meg på denne her. Det handler litt om å ta seg tid, og for tiden raser det rundt meg både med lesing og jobbing :) Ønsker deg en fin helg!

    SvarSlett
  3. Høres stemningsfull ut den der.....

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, og litt rar. Leser ikke så ofte dikt, men syns jeg må ha noen innimellom.

      Slett