torsdag 1. oktober 2015

Elena Ferrante: Historia om det nye namnet

Historia om det nye namnet

Eg har verkeleg sett fram til å lese bok nr to i denne Napoliserien. Første boka "Mi briljante" venninne" var ein fascinerande og varm roman som eg fall pladask for. For ei forteljarglede og for ein evne til å setje både vonde og gode hendingar ned på papiret slik at ein kjenner at dette er verkeleg!
Og "Historia om det nye namnet" fortsett i same gate. Her vart eg fanga allereie på første side, og kunne mest ikkje vente for å sjå korleis det går med dei to venninnene, Lila og Elena.
Lila er no gift  med forretningsmannen Stefano og bur i fin leilighet og har pengar mellom hendene.
Men ekteskapet starter med krig, og den viljesterke Lila blir degradert til å bli Stefanos eigedom.
Elena fortsett med studier, og føler at ho har mist venninna, men får låne et værelse hos henne så hun kan lese lekser i fred. Og Lila, som ikkje har fått studera, men har gode evner, følgjer med og tileignar seg kunnskaper via Elena. Lila slit i ekteskapet sitt, og vert barnlaus. Legen meinar at ein ferie ved sjøen vil gjere ho godt, og Elena vert med til Ischia. Denne ferien får store konsekvensar for begge jentene, og det nære vennskapet vert sett på prøve. Vennskapet mellom dei to har alltid vore tett. men likevel både hatefullt og ondskapsfullt til tider. I det tøffe og mannsdominerte miljøet dei bur i, er det mykje spenningar og hemmelegheiter skjult innan familiane, og her er det nok mykje som er mafiastyrt. Da Elena reiser til Pisa for å studera vidare får ho kjæreste der. Ho tenkjer mykje på Lila, og filosoferer over tilhøvet mellom dei. Sjølv er ho beskjeden, medan Lila er dristig og likefram.
"Og livet hennar kjem stadig til syne i livet mitt, i orda eg har sagt, der det ofte er eit ekko av hennar, i ein bestemt gest som er tilpassa av ein an hennar gestar, i mitt mindre, som er slik på grunn av hennar meir, i mitt meir, som stør seg på det ho ha mindre. For å ikkje nemne det ho aldri sa, men som ho let meg gjette, det eg ikkje visste, som eg så las i notatbøkene hennar."
Notatbøkene som Lila har skrive over fleire år, får Elenea  overlevert for å ta vare på, gøyme slik at Stefano ikkje finn dei. Ho lovar å ikkje lese dei.

Dette er, som i første boka, ei makelaus intens og gripande forteljing om vennskapen mellom dei to no vaksne kvinnene, men også ei tidshistorie fra livet i Napoli på sekstitalet.

Samlaget
2015
574 sider i prøveeksemplar
Nynorsk

4 kommentarer:

  1. Flott omtale! Jeg leste boken i sommer, men valgte engelsk denne gangen. Syntes denne var mye bedre enn den første, men tror ikke det har med målføret å gjøre, for flere har sagt at bøkene i denne serien blir bedre og bedre :)

    SvarSlett
  2. Jeg begynte på Mi briljante venninne, og jeg fikk liksom ikke helt taket på den, så jeg la den til sides, men nå merker jeg at jeg begynner å bli nysgjerrig på hvordan fortsettelsen er, så mulig jeg må ta den fram igjen og deretter vurdere denne også.
    Flott omtale som fristet meg til å lese den i hvertfall :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tror ikke du angrer på å prøve igjen. Dette er både en historie om de to kvinnenne, men også en historie om etterkrigstidens Italia. Og det er ikke en typisk "damebok", jeg anbefalef menn å lese den også!

      Slett
  3. Fin omtale Åslaug, jeg likte denne bok 2 mye bedre enn den første.

    SvarSlett