lørdag 24. oktober 2015

Hilde K.Kvalvaag: Lev vel, alle

Lev vel, alle

Forlaget seier dette om boka:Lev vel, alle er eit engasjerande drama om eit komplisert forhold mellom mor og son. Historia er inspirert av Kvalvaags eigen oldefar som forlét familien og levde dei siste 30 åra av livet sitt åleine i Canada. Lev vel, alle er ein roman om å lausrive seg og å finne seg sjølv og sin plass i verda.

Gunhild tek sonen på seksten år med seg på ei eise til Canada. Det er fleire årsaker til at ho vel å gjera dette.Sonen, Knut, har droppa ut frå skolen etter at han slo ein kamerat. Det vart rettsak, han fekk samfunnsstraff, og no vil han ikkje meir. Årsaken til at han slo, var at kameraten hadde teke frå han kjærasten.  Relasjonen mellom mor og son er heller dårleg. Knut har alltid vore interessert i dyr, og no vil ho ta han med ut villmarka for å oppleva bjørn, ulv og panter. i ikkje ufarleg reise. Men eit anna mål med reisa er at dei vil følgje fotspora til oldefaren, som også heitte Knut. Han reiste fra kona og seks ungar, og kom aldri attende. Dette sviket har vore tungt i familien.

På reisa er det mange konfrontasjonar mellom mor og son, ikkje uvanleg i tilhøvet mellom ein tenåring og mora. Men vi opplever at det er mykje godt i Knut. Han møter ein narkoman gut med ein svolten hund, der han strekkjer ut ei hånd. Og den nærleiken og gleda han viser saman med ei lita jente, gir håp for den innelsutta og mutte Knut.

Reisa oppover langs kysten i Vancouver er både farefull og tøff, og etter kvart vert det kritisk, da mora fell saman  og Knut må hente hjelp medan ho ligg att i teltet på ei strand. 

Då dei omsider møter ein person som har kjent oldefaren,kjem vendepunktet for Knut. Ikkje akkurat slik mora hadde håpa på, men ho ser at sonen held på å bli vaksen, og må ta avgjersler sjølv.

Romanen handlar om familierelasjonar som ikkje har fungert. Mange menn har svikta på ulike vis og er blitt borte. Det er dette Gunhild er redd skal skje med sonen også og det er difor ho tek han med på den lange ferda. Ho er redd han også er slik at han ikkje toler å leva eit vanleg liv.
Ei bok som ikkje berre handlar om mor og son, men like mykje om at det er mogleg å gå vidare om det har kome skeivt ut. Sjølv om ein veks opp med traumer og har hatt eit negativt familiemønster, kan ein kome seg vidare når ein n sjanse dukkar opp. dette er også ei bok som inneheld mange nydelege naturskildringar og møter med dyr. Møtet med ein bjørn, medan mora sit og røyker saman med to menn dei møter:
"Bjørnen begynner å gå mot han, han sit stiv. Dyret er kanskje femti meter unna, så førti, tretti. Han held fast i kniven, vil springe og seie frå, men han tør ikkje å røre seg. Bjørnen stoppar i fjæra, lyden av bjørnepoatar som flytter stein, går som ei ra gjennom ham. Han held pusten. Mora og mennene syng i kor." 
Hilde Kvalvaag har skrive fleire bøker og har motteke mange prisar for disse. I fjor fekk ho Brageprisen for ungdomsromanen "Fengsla". Eg er glad eg oppdaga ho gjennom denne boka, for dette likte eg. Ei bok eg vil sette opp på lista for kandidater til Bokbloggerprisen.

Samlaget
2015
287 sider
Nynorsk
Lesareksemplar


2 kommentarer:

  1. Flott omtale av en bok også jeg likte godt. Spesielt naturskildringene men også det mor og sønn gikk gjennom, hver på sin kant men sammen. Ønsker deg en fin lørdagskveld Åslaug, jeg er på vei i 50 årsdag no :)

    SvarSlett
  2. Jeg har lest denne nå, og likte den veldig godt: http://artemisiasverden.blogspot.no/2015/11/4-norske-bker-2015-naturhistorie.html

    SvarSlett