fredag 23. oktober 2015

Kristina Leganger Iversen: I ringane





Denne boka vart mest litt i tøffaste laget. Her handlar det mykje om vold, både mellom foreldre og barn, mellom søsken, i kjærleiksforhold, og i sex. Her skriv Leganger Iversen om kva som skjer med kroppen ved abort og fødsel, også ein slags vold mot kroppen. Hovedpersonen Jo veks opp saman med broren Iben og foreldra. Faren drikk og er valdeleg. Berre når han er ute og reiser kan familien slappe av. Han har ein valdelig barndom bak seg, og da vald avlar vald, vert barna også offer for dette. I leiken vert det ein kamp mellom søskena om reglar og makt. Boka veksler mellom barndom og vaksent liv. Når Jo opplever vanskelege saker flimrer gamle minner i bakgrunnen, ho kjenner att kjensler ho hadde som lita jente.

Kristina Leganger Iversen skriv svært godt. Ho skriv korte, konisis setningar. Ikkje mykje overeflødig snakk, her må lesaren heile tida følgje med på det som vert sagt. Ein roman som er bygd opp som tekster, nærmast som poesi å lesa.


Dette er ei bok med mykje sårbarhet, ikkje berre lett å lesa. Det startar med at Jo har teke abortpiller og ligg og venter på at fosteret skal støytast ut. Ein situasjon som ingen skulle vere nøydd til å oppleve. Det er ikkje "berre å ta ein abort", her ligg mange kjensler og val bak, og både fysiske og psykiske smerter. Det er medan ho ligg der på badet at alle  minnene fra livet hennar kjem fram, frå barndom til vaksent liv, Det handler om relasjoner mellom vaksne og barn, Relasjonar mellom mann og kvinne. Det handler om ansvar for sin eigen kropp, det å vere fri.
Sterkt tema - godt skrive.

Samlaget
2015
159 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

1 kommentar:

  1. Høres ut som en sterk bok dette. Har så mye å lese her, så denne får passere for denne gangen, men takk for tips..

    SvarSlett