mandag 19. oktober 2015

Jan Roar Leikvoll: Forkynnaren

Forkynnaren av Jan Roar Leikvoll (Innbundet)
Dette er ei bok som er gitt ut omlag eit år etter at forfattaren plutseleg døde, berre 40 år gamal. Fleire tekster ligg att etter han, og dette er ei av dei. Om denne har han sagt til forlaget: 
 «Den skal bare være vakker og ingen skal gjøre hverandre noe vondt»

Enkemannen Hans, som etter eit lengre sjukeleie, har fått eit kall. Han skal ro til havet. Han gjer frå seg fjøsstellet, slepper ut sauene, sett seg i båten og ror.

Men på vegen ut mot havet møter han andre menneske, som også har grunnar til å berre ro bort. Det er Marie, og det er ein mann som ber stor sorg etter at han miste kona og sonen drukna og vart borte i havet. Marie har ikkje det beste ryktet på seg, og er glad for å vere med bort frå noko ho kanskje ikkje vil halde på med. No sitt dei to i båten:
"Berre sollys kjem og går rundt båten og gjer freda denne kvardagen vakker, eg veit ikkje kor lenge sidan eg rodde her sist, må vere fleire tiår sidan, likevel ror eg lettare no, på mitt sjukeleie."
Seinare kjem dei ut til gardare lengre ute i havet, mellom anna Frekarhaugen. Her finn han far til den drukna guten, sovande med tomme flasker attved seg Han fortel om kallet han har fått. 
" Barn som ikkje lengre finst, må ein også snakke om. Berre slik vil dei framleis finnast. Og du treng å snakke om Signar med meg, seier eg."
Så ror dei tre vidare ut mot storhavet. Til sist legg dei til og finn eit gjestgiveri, der Hans planlegg at dei to skal vere, og han skal ro vidare åleine. Han har snart fullført kallet sitt. Han ser at Marie er ei anna jente her enn heime. Han ser at faren etter kvart kan forsona seg med at sonen og kona er borte. Han har på eim nåte vore med på å gje dei lindring i kvardagen, slik at dei kan halde ut. Sjølv ror han vidare mot slutten. Men han har eit ærende til. Han skal innom ei jente som har ein sjuk veslebror.
" Jenta seier at no er dei båe borte, ein far på havet, og ei mor i sjukdom, ei i ei grav og ein i eit hav. Ho sjølv sit att med to små, ei søster og ein bror."
Da han deg derifrå er veslebroren over det verste, og vil verte frisk. No har han fullført kallet sitt, og han kan ro ut mot storhavet:
  
 " Han som ror skal ro langt og lenge, men der han kom frå , skal han alltid kome frå, og den han er skal han alltid vere, og den han var skal han atter vere. Ein våg blir rodd i det aller siste lyset, båten skrir og ror seg fint fram."

Denne romanen har mykje bibelsk over seg. Her er tekstene poetiske og vakre. Det er ei forteljing om at nestekjærleik og tru på at det å forsona seg med lagnaden sin er mogleg. Eg kan godt forstå at Leikvoll har Jon Fosse som eit førebilete, for her finn eg mykje Fosse. Og den knappe, konsise talemåten liknar også mykje på Tarjei Vesaas. 

Eg likte denne vesle romanen, og må berre seie at vi har mist noko i litteraturen da Leikvoll døydde så altfor tidleg. Kanskje finst det fleire små skisser som vi kan få del i? 

Samlaget
2015
92 sider (medrekna føreord)
Nynorsk
Lesareksemplar

2 kommentarer:

  1. Så kjekt at du har lest Leikvoll. Jeg var innom popup bokhandelen som var i Bergen i høst og kjøpte da Fiolinane. Den har dessverre blitt liggende, men nå fikk jeg sparket bak til å ta den frem. Den er heldigvis ikke særlig lang den heller :)

    SvarSlett
  2. Jeg har denne liggende på vent, vil lese den sakte. Jeg ble så trist da han døde.. Han var en stor forfatter.:)

    SvarSlett