torsdag 15. oktober 2015

Sivert N Nesbø: Som eit barn

Som eit barn av Sivert N. Nesbø (Innbundet)

Eg har ikkje lese den første boka til Nesbø, "Skårgangar", så dette var eit nytt bekjentskap med ein ung forfattar. Ein liten roman med mykje innhald.  Vi følgjer ein familie i arbeidet på garden og i samvær på fritida. Det er arbeid i skogen, klæyving av ved, foring av dyra, fiske og jakt. To søner følgjer faren i arbeidet, men kjenner at det er noko med han. Ei slags  einsemd ligg over alt dei gjer. Mora ordnar opp med mat og klede, men ho har den same tunge, trøtte børa å bera på.
Dei har flytt frå garden. Berre om sommarane er dei der. Om vinteren er det onkelen som driv garden. Dette vart slik etter det som endra alt. Vi aner at noko har skjedd, og det kjem fram etter kvart at saman med  dei to gutane skulle det ha vore ei søster. Men ho levde berre nokre timar.  
"Men det hadde ikkje vore mogleg å bli verande. Ikkje der, i den tomme stilla etter det som hadde hendt. Livet  som hadde komme ei natt, og vorte vekk att, like snart som det hadde komme."
Boka er bygd opp slik at dei fire i familien fortel si historie, Her er ikkje mange overflødige ord, mest små scener i kvardagen, i naturen. Mange skildringar av tre, busker, sjø og fargar er som dikt å lesa. Nesbø har mykje poesi i språket sitt, noko som underbyggjer sinnsstemningane hos familiemedlemmane.
Nøkternt og knapt opplever vi sorga og saknet som ligg over dei to vaksne, og uroa over noko dei ikkje heilt forstår over dei to gutane. Det er berre den eldste som har fått høyre om den vesle søstera, og det ligg på han at han ikkje klarer å fortelje veslebroren om det. For yngstemann kjenner at noko tungt ligg over dei andre, men klarer ikkje å setje ord på det.. 

Ei svært god bok om ei hending i familien som alltid vil prega dei.


Cappelen
2015
84 sider
Nynorsk
Lese som EbokBib

1 kommentar:

  1. Ja, ikke sant denne var fin? Jeg har heller ikke lest den første boken hans,men det fikk jeg lyst til etter at jeg leste denne.

    SvarSlett