torsdag 17. desember 2015

Synnøve Macody Lund: Personar du kanskje kjenner

Personar du kanskje kjenner av Synnøve Macody Lund (Innbundet)

Denne boka har eg hatt liggande lenge, så no var det endeleg tid for å sjå om eg fann personar som eg kanskje kjenner.
Det handlar i utgangspunktet om far til forfattaren. Han har hatt ein hjerneblødning, og er litt redusert. Synnøve skal tilbringa nokre dagar  saman med han i jula. Ho saknar den mannen han var, sterk og tøff.
Men så dukkar det opp andre personar med sine historier. Disse kjem fram gjennom historier ho skriv.
Tvillingparet Eva og Eskild er to av disse. Dei er sterke, fascinerande menneske med god tru på seg sjølve. Og dei skremmer meg med sin væremåte. Eva er lesbisk og er saman med skodespeaen Live. Eit forhold som ikkje balanserer. Eskil er sjarmøren som saman med kvinner aldri vert ekte og gjer dei utrygge. Anna, som er tobarnsmor, lever med delt omsorg etter eit samlivsbrudd. Og så er det Mari, som er student.  Eskil er rettleiaren hennar, og ho er forelska i han. Mari les om Virginia Wolfs  Orlando, som etter kvart skifter kjønn og vert kvinne. Dette gir assosiasjoner til tvillingane, som er av ulike kjønn, men likevel ikkje er ulike i seksuell samanheng. Alle er vanlege menneske, så ein kunne kanskje kjent dei att, slik som forfattaren tenkjer seg. Og dei er svake og lett å påverke, slik at du som lesar sitt og irriterer deg over at dei let seg manipulere. 

Kor mykje som er Synnøve Macdy Lunds eige historie er ikkje godt å vite. 
"Personar du kanskje kjenner" er ein interresant roman, velformulert og godt skrive. Men den var ikkje den enklaste å lesa, da den vart noko rotete for meg. Likevel sit eg att med mange tankar om dei personane eg har møtt, og kunne gjerne visst meir om kva som skjer med dem.. 

Andre som har lese boka er Anitaline, og tine

Samlaget
2015
207 sider
Nynorsk

1 kommentar:

  1. Dette var en spesiell roman, synes jeg, som vokste med tiden... Takk for link..:)

    SvarSlett