torsdag 25. februar 2016

Trude Teige: Lene seg mot vinden


Lene seg mot vinden - ebok

Dette er andre boka om Kristiane, ei sterk loskvinne på Sunnmørskysten på 1800-tallet. Den første boka var "Havet syng", som eg skreiv om her.
 Kristiane og Lars er midt i livet, og forholdet deira er ikkje berre enkelt. Lars klarer ikkje å gløyme at Kristiane var utru, sjølv om ho har trygla om tilgjeving i årevis. No er sonen Anders vaksen, og må ta over losarven som følgjer garden. Men han drøymer om eit liv som musikar. Han har aldri vore interessert i båtliv og havet. Dette taklar ikkje Kristiane, som ikkje tillet han å gå bort frå losarven. Ho hadde lova faren at denne arven skulle verta på garden.

Søster til Kriatiane, lever saman med ein brutal ektemann. Historia hennar vert ein del av romanen. Det toppar seg når eit lite spedbarn vert funnen død, og seinare skjer ei ulykke som vert skjebnesvanger for alle i losgarden.

Ein roman om kjærleik, svik og forsoning, og valet mellom plikter og draumar. Om ei sterk kvinne, og om sterk natur på kysten. For dei som ikkje har stått i storm og orkan er kanskje ikkje slike sitat verkelege:
" Vinden var så sterk her at ho måtte krype over berget, ut mot enden, der berget stupa i sjøen. Akkrat i det ho reiste seg opp, strekte amane ut til sida og lente seg mot vinden, slo ei veldig bølgje mot klippene under henne. Heile havet rann nedover kinna hennar."
Trude Teige skriv bra om natur, vær og vind. Denne romanen var ikkje like bra som Havet syng, men den var fenggande og grei som underhaldning. Og det var det eg ville ha denne gongen.

Aschehoug
2004
413 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib
.

2 kommentarer:

  1. Jeg har aldri vært fascinert av "kjendisser" som prøver seg som forfatter, derfor har jeg aldri lest noe av Trude Teige blant andre. Det er godt mulig jeg går glipp av en masse gode bøker, og hennes siste har jeg jo, så jeg bør komme over dette private stengselet. Ønsker deg en strålende fin helg Åslaug!

    SvarSlett
  2. Takk for tips.
    Eg må med skam vedgå at eg ikkje har lese bøker av
    Trude Teige, eg burde det for ho er frå nabokommuna.
    Eg fekk Jenta som sluttet å snakke i julegåve og den ligg klar for lesing.
    God helg frå Anne-Mari

    SvarSlett