lørdag 30. april 2016

Edvard Hoem: Bror din på prærien



Eg er svært glad i bøkene til Edvard Hoem. Han er ein av favorittane mine som forfattar og formidlar av slektshistorie og samfunnshistorie. Denne boka er ein oppfølgjar av mange bøker om slekta hans, den første er "Heimlandet barndom", og i fjor kom "Slåttekar i himmelen", som handlar om Knut Nesje, slåttekar hos storbonden i Rekneslia ved Molde. No er vi i Canada og Nord Dakota rundt 1900-talet. Sekstenårige Eilert Knutson , son til Knut Nesje, reiser til Amerika. Han oppsøkjer tanta si, Gjertine og familien hennar, der han vert meir eller mindre både sønn og dreng på den nye farmen dei har etablert. Ho slit med "præriesyke". (Heimlengt etter fjell og dalar i Norge vart sterk på den flate prærien, utan noko å feste augo på.) Det er godt for henne å få Eilert inn i heimen, han vert eit bindeledd til Noreg. Ho vil gjerne at han skal studera til å verte prest, men slik vil han det ikkje sjølv. Eilert er ein from og gudfryktig mann, slik som dei fleste av norsk-amerikanarane var.  Men han vil oppleve meir, og finne seg sjølv. Etter kvart søkjer han ut og er innom mange arbeidsplassar, frå bakeri til sagbruk, før han han etter kvart kjøper seg gard og får familie. Han er ein stor og sterk kar, og ser berre utfordringar, ingen problem. Men det er ikkje berre lett å byggje opp ein farm, og her er årstidene mangfoldige. Vintrane er kalde, dei sprengfyrer og les i bibelen. Haglskurer, myggsvermar og gnagarar tek av avlingane. Det er langt mellom folk, og hardt arbeid held ikkje alltid tankane borte frå heimlandet og tilhøva der.

Vi høyrer vekselsvis litt om korleis foreldra hans, Serianna og Knut Nesje, lever utanfor Molde, der faren er slåttekar på garden Kringsjå, og saknet deira etter sønene Eilert i Amerika og Bastian Georg, som vart i København, da han flykta unna verneplikta. 

Dette er ei slektshistorie som vekkjer mange minner om mine besteforeldres liv, da dei utvandra på slutten av 1800-talet. Dei levde også på prærien i Nord-Dakota til å begynne med. Mykje om det som Hoem skriv om, var det nok mange som opplevde på den tida. Edvard Hoem lever seg inn i menneska han skriv om. Korleis kvardagen var, med håp om eit betre liv, om kjærleik og ekteskap, om korleis barnelærdomen og trua heldt dei saman, om bibel og kyrkje,

Eg fell for Hoems skrivemåte. Han har et svært velklingande språk, skriv lett og ikkje minst ekte. Og han veit kva han skriv om.
Dette er mykje diktning, men bygd på den verkeleg historia til familien til Hoem. Denne romanen følgjer i rekkene av utvandrahistoriane til Rølvaag og Moberg, og er like dramatiske og gripande som dei. Enda ein gong ein roman frå Edvard Hoem som eg ikkje vil klare å leggja frå meg på lenge. Eg ønskjer at så mange som mogleg vil lese denne romanen!

 

Forlaget Oktober
2015
Nynorsk
Lese på eBokBib

4 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Gode ord. Eg er heilt enig med deg i det du skriv her, bøkene til Edvard Hoem er så gjennomført ekte - og "lever i oss" lenge etter avslutta lesing.

    SvarSlett
  3. Heilt einige med deg.
    Denne boka, som den forrige var ei stor glede å lese.
    Fantastisk språk.

    Ferdig med april, ynskjer deg fine maidagar.

    SvarSlett