torsdag 28. april 2016

Elena Ferrante: Dei som flyktar og dei som blir

Dei som flyktar og dei som blir av Elena Ferrante (Innbundet)

Da er tredje boka i Napoli-kvartetten lese. Dei to første er "Mi briljante venninne" og "Historia om det nye namnet". Eg har lenge sett fram til å lese boka. Ho har ligge og venta på meg, men eg måtte "få unna" nokre andre med tidsfristar for innlevering først. 

Denne gongen er vi på sekstitallet, i ei tid med politisk uro, studentopprør og klassekonfliktar. Hovedpersonane Elena og Lila er i nå først i trevdeåra. Elena er akademikar, gift med professor Pietro, og bur no i Firenze. Ho har gitt ut ei bok, har opplevd suksess og kritikk. Ho har to barn, men ekteskapet er ikkje slik ho hadde håpa på, ho er frustrert og har mist evnen til å skrive. Ho er einsam, har ikkje nære relasjonar der ho bur, og heller ikkje lenger der ho er ifrå. Mora tek avstand, søstera likeså. Ho er ikkje ei av dei lenger.
Lila arbeiddde på ein kjøttfanrikk, der ho er blitt seksuelt trakasert og dårlig behandla. Ho gjer opprør, blir oppsagt, men får etter kvart ein jobb i IBM som holkortprogramerar. Ho har også problem med forholdet til mannen ho bur saman med, Enzo. Dei to venninnen har lite med kvarandre å gjere no, på kvar sin kant i ulike miljø. Og når dei møtes vert det som regel med ukvemsord og sterke åtak på det dei står for. Atmosfæren mellom dei to er fylt med motsetnader, men dei er likevel sterkt knytta til kvarandre.  

Elena Ferrante har ein magisk evne til å trekke lesaren inn i det ho skriv om. Her er mange familiar, mange personar, men det tek ikkje lang tid før alt er på plass, og vi blir med på hendingane, med Napoli og Firenze som bakteppe. Spenningen i samfunnet med dei sterke motsetningane mellom arbeidarar og fascistar, fattigdommen, overgrepa på arbeidsplassane, den nedlatande haldninga overfor kvinner og grepet til mafiaen, konflikter og følelser mellom dei ulike menneska -  alt er beskrive med ein styrke og kraft som grip ein totalt, og det er umogeleg å legge boka frå seg. Og med ein oversettnad til nydeleg nynorsk, er denne boka ein fryd å lese. 
Når siste side er lese, ligg det mange spørsmål og uavklarte saker der enno, og eg klarer mest ikkje å vente til den fjerde boka kjem!  Hva skjer videre med Elena og Lila? Kvar er det blitt av Lila? 

Samlaget
2016
500 sider
Oversett av Kristin Sørsdal
Nynorsk

1 kommentar:

  1. Jeg likte også denne tredje boken godt, og gleder meg til å lese den siste når den kommer ut :)

    SvarSlett