onsdag 31. august 2016

Maria B.Bokneberg: Lukta av våt jord om natta

Lukta av våt jord om natta av Maria B. Bokneberg (Innbundet)

Dette er ein debutroman som eg er glad eg fekk lese. Den er trist og melankolsk, og godt skrive. Det handlar om korleis det er mogleg å leva vidare etter at ein kjær person har teke livet sitt.  Mie, søstera Rakel og faren bur på hytta deira, der mora tok livet av seg for si stund sidan. Dette er  familiehytta, der dei har vore  alle feriar i heile oppveksen. Her er mange minner, ikkje minst om mora. Ho var fotograf, og Mie teiknar. Dei hadde ei felles interesse i dette. Mie klarer ikkje å skjøne korleis livet kan halde fram etter det som skjedde. Ho klarer ikkje sleppe biletet ho har inne i seg av mora:
"Trykket i brystet, det er uråd å presse det ut som vatn i tårekanalene.
Eg skulle ønske det var mogeleg å drepe seg sjølv utan å forsvinne, då ville eg prøvd, for å kjenn korleis det er å døy, kjenn reipet stramme om halsen til pusten stoppar."
Mie går i sorggruppe. Ho klarer ikkje å snakke om sorga saman med Rakel og faren. Dei sørger på kvar sin måte. Og etter kvart kjem det fram at mora hadde hatt det vanskeleg med seg sjølv lenge. Ho hadde mange gonger hatt behov for å være åleine, og ho hadde hatt tunge depresjonar. Både faren og døtrene hadde fått signal om at ho leid, men ingen nådde fram til henne.
"Vi visste det, seier far, løftar ansiktet mot taket, reiser seg og går bort til vasken. Ho ville ikkje ha hjelpa vår, seier han."
Dette er ei alvorsam bok, ei bok om ei stor sorg etter ei mor som er borte. Det er også ei bok om sinnet over at ho kunne svikte og gå frå dei på denne måten. Og det handlar om korleis den vesle familien slit med å finne saman og kunne snakke om den store sorga dei alle bær på. 

Samlaget
2016
122 sider
Nynorsk
Lesareksemplar frå forlaget

1 kommentar:

  1. Denne har eg lyst til å lese, og angrar litt no på at ho ikkje var blant bøkene eg tinga frå samlaget.

    SvarSlett