fredag 7. oktober 2016

Ingrid Z Aanestad: Sibylle

Bilde av Sibylle

Omtale frå forlaget:

"Storesyster Synne kjem heim frå Berlin, og saman med faren køyrer Synne og Sibylle den lange vegen vestover for å besøka mormora. Mora vaks opp der, men på veggene heng det ingen bilete av henne. For Sibylle finst ho berre som brotstykke av dei andre si forteljing. «Sibylle» er ein roman om å vera systrer i spennet mellom intim nærleik og veldig avstand, og om å leva både med det som finst og med det som ikkje finst. I ein straum av glasklare setningar skriv Ingrid Z. Aanestad fram eit djupt hòl i eit ganske alminneleg liv."

I romanen  reiser søstrene Synne og Sibylle saman med faren til mormora på Vestlandet. Mora er død. Romanen består av korte forteljingar fra kvardagen, korleis Sibylle står opp om morgonene, korleis ho dusjar, lagar frokost til seg og faren, om møtet med søstra som kjem heim frå utlandet for å vere med på turen til mormora. Det er alminnelige kvardagsstuasjoner, lett å kjenne seg att i. Ikkje store ord og lange urgeiingar. Men det er nettopp dette som gjer romanen verdt å lese. For under det enkle og kvardagslege ligg det meir. Små hint som gjer at du vil følgje dei to søstrene og faren vidare framover. Nokre gonger er det rett og slett godt å lese slike tekster. På få sider kjem ei heil familiehistorie fram. Det er ikkje alltid nødvendig å skrive 3-400 sider for å gi lesaren ei stor oppleving. Eg likte boka godt!

Forlaget oktober
2016
129 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar