onsdag 4. januar 2017

Edvard Hoem: Land ingen har sett (Roman)


Dette er tredje boka om familien Hoem frå Reknes i Molde. Den første, Slåttekar i himmelen og den andre Bror din på prærien, handlar i hovudsak om om dei to brørne Eilert og Anton Edvard søner av slåttekaren Knut Nesje og kona Serianna.  Dei var skilde som barn, da Anton Edvard vaks opp hos ein onkel, som ikkje hadde eigne barn. Eilert reiser til Canada og freistar å finne lukka der. I den første tida bur han hos tanta si, Gjertine og mannen Ole Aas. Men etter kvart byggjer han opp ein gard, saman med kona Martha, og dei får mange barn. Etter krigen vert det dårlege tider, prisane søkk, og det er hardt å vere bonde på prærien. Men Eilert klarer å byggje opp farmen med moderne hjelpemidlar. Martha står bak, slik dei andre præriekonene gjer. "Præriekvinnene hadde ikkje noko alternativ til å vise mennene sine lojalitet"

Heime slit Anton Edvard på den vesle garden, og må drive fisket attåt for å kunne brødfø familien. Men han er, som broren, ein dyktig og arbeidssom kar, og saman med kona Berit Anna klarer dei seg etter kvart bra. Begge brørne er gudfryktige karar med sterk vilje. Dette hjelper dei nok i kvardagsslitet.

Vi høyrer vidare om korleis det går med Gjertine og Ole Aas, som etter mange harde år har planlagt å få seg ein eit hus i byen når dei overfører garden til sonen Edward og kona Inga. Gjertine, som har vore gjennom depresjonar, har lenge kjent at ho ikkje heilt lit på Ole, og ein dag legg ho ut på ei "opprørsreise". Dette skal bli ein slags snuoperasjon i forholdet mellom dei to. Og i Molde høyrer vi om søstera Serianna, som i saknet etter mannen sin, snakkar med dei gamle og døde i familien, særleg han som var slåttekaren, Knut Nesje.

Eg har lese bøkene med stor glede, og det vert mest som om eg kjenner desse personane. Eg har lese at Hoem skal skrive ei fjerde bok, så no ser eg fram til å lese den. Det er klart at dette er Hoem-familien si historie, og kanskje ikkje like aktuell for alle å lesa. Men tankane mine vandrar lett over til mine eigne slektningar som drog "over there" omlag på same tida som Hoemsbrørne, så eg kjenner likevel på at dette er allmenngyldig. Må vel seie at den første boka var den som eg likte best, sjøl om Edvard Hoem skriv så godt at det har vore ei fryd å lese alle tre. Han er ein meistar til å få fram tilhøvet mellom ektefellane, i kvardag og fest. Dei deler på slitet, og når det vert for mange barnefødslar er det ikkje berre enkelt å ligge i kvar si seng, eller dele seng med ungane. Hoem skriv ei alvorshistorie, men ikkje utan humor. Det er det som gjer han til den store forfattaren han er.

Mange har skrive om boka, mellom anna: rosemarie, tine, kleppanrova og randi


Forlaget oktober
2016
410 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket

7 kommentarer:

  1. Jeg likte også denne boka godt og serier ellers. Det er som man blir kjent med noen gamle slektninger.

    SvarSlett
  2. Som du vet har jeg lest og likt denne boken også, og gleder meg til neste bok ut i serien.

    SvarSlett
  3. Hm... Kanskje 2017 kan bli mitt store Hoem-år? Jeg liker han så godt, det lille jeg har lest.

    SvarSlett
  4. Kjekt å lese omtalen, eg skal til på boka no.
    Dei to første likte eg godt og gler meg til å kome i gong.

    Eg ynskjer deg Godt Nytt År og
    ser fram til kontakt vidare.
    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. No har eg lest boka.
      Er litt skuffa, synest det er brukt så mykje meir ord enn nødvendig. Den første var veldig god synest eg. Den andre var ikkje like fengande.
      Eg lika best å lese bøker der kvar linje er interessant, i denne var mykje sjølvsagte linjer.
      No er ikkje eg nokon bokanmeldar, men det er mi meining...

      Slett
    2. Det er di meining som er det viktige. Eg er heller ingen bokanmeldar, men bokomtalar! Eg seier det eg meiner om bøkene eg les, som ei oppsummerimg for meg sjølv.

      Slett
  5. Så fint å lese din bokanmeldelse! Jeg elsker Edvard Hoems bøker, og synes han er en av Norges beste forfattere! Artig å se at han gjennom denne serien når ut til et enda større publikum! :-)

    SvarSlett