tirsdag 21. mars 2017

Kristin Sørsdal: Mare (Roman)



Bak på boka står desse orda:
"Il mare di mezzo, havet mellom oss og dei, er det ei menneskekorridor eller ei vollgrav? Eit marehav eller eit hav for solkinnsturisme?"

"– Mare betyr hav på italiensk, på norsk har ordet med vonde drømmer å gjøre. Middelhavet, Mellomhavet, havet mellom oss og dem, som for oss er et feriehav, mens det for dem som står på den sørlige bredden og ser over til Europa, er et marehav, et dødshav, et farlig hav, et hav en tar enorm risiko for å passere," sier Sørsdal.


Eg høyrde forfattarens introduksjon til boka i Trondheim, og møtte ei sterkt engasjert kvinne. Eg var allereie halvveges i boka Mare da eg høyrde henne, og om kvelden måtte eg lese ferdig. At Sørsdal er ein eminent oversettar veit vi som har lese Elene Ferrante sine bøker, men ho er også ein svært god forfattar. Ho har skrive fleire bøker, men dette er den første eg les. Boka er ein roman, men med svært dokumentarisk innhald. Det er difor ei svært gripande historie.


Boka handlar om norske Solveig, som svømmer tusenvis av meter, dag etter dag. No er ho komen til ei øy langt sør i Europa, ved siste utpost til Afrika. Her drukna 368 mennesker i 2013. Solveig svømmer ut i same vatnet som dei som drukna. Kva som ligg bak veit vi ikkje klart. Ho vandrar rundt i området og skjønar ikkje kvifor ho ikkje ser flyktningstraumane ho har høyrt så mykje om. No er det berre skipadder på strendene. Ho har med ei rose frå Abdulkadir, kollegaen heime. Den skal ho legge på onkelen si grav, om ho finn ho. 

På andre sida av havet, i Libya,  møter vi ein gut som ønskjer å kome til den norske byen Bodo, der pappa er. Han reiser saman med mor, men ho er svært dårleg. Han ventar på å kome seg over havet. No er endeleg båten der. 
"Dei har ikkje sett havet før. No sit dei oppå det. Det er vått. Dei kan ikkje gå på det. Ei jente skrik. Guten vil at ho skal slutte å skrike. Han veit at havet ikkje likar det. Havet må ikkje høyre at dei er redde. Han legg hendene som koppar over øyra."

Det er så hjarteskjærande vondt, og det er verkeleg! Dette er ikkje oppdikta, mange flyktningar er ute i sjøen kvar dag, no i denne timen. Og ikkje alle kjem fram. Og dei som kjem over, kva møter dei på andre sida? Eg klarte ikkje å halde tårane unna når eg las denne boka. 

Eg vil anbefale Kristin Sørsdal si bok på det varmaste. Eg vil også gi honnør til omslaget, som er svært godt .

Samlaget
2017
186 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

1 kommentar:

  1. Takkk for flott omtale av en bok jeg virkelig fikk lyst til å lese. Jeg har sett flere interjuver med henne og har fått stor respekt for henne, Ei dyktig dame!

    SvarSlett