tirsdag 23. mai 2017

Kristofer Uppdal: Isbergskalden (Dikt). Bokhyllelesing mai.


Eg har lagt inn dikt av Kristofer Uppdal på bloggen min før, og vel å presentera fleire no, i høve bokhyllelesing-2017 i mai.

Uppdal er poet og romanforfattar, født i 1887 i Beitstad i Nord-Trøndelag. Han kom tidleg ut i kroppsarbeid, da skolegang var det mindre av. Frå 1910 vart han forfattar på heiltid.  Uppdal hadde ein ulukkeleg oppvekst. Lite med skolegang vart det, men han arbeidde som rallar, medan han skreiv dikt. Så flytte han til hovudstaden, der han ikkje fann seg til rette i kunstnarkretsane han omgjekkes. Det vart nokre vanskelege år, og han havna på Gaustad asyl. Men han kom seg att, og flytte seinare til Oppdal, der han vart til han døyde i 1961.

Updal vart kalla rallardiktaren, og det største verket hans er nok tibandsverket Dansen gjenom skuggeheimen. Her skriv han om framvoksteren av arbeidarklassa, og det handlar først og framst om rallarane si historie. Han vart også kalla isbergskalden, både på grunn av diktet Isberget, men også på grunn av korleis han framsto. Det er som lyrikar Uppdal er mest kjend. Han diktar om menneskesinnet, om det å vere til. Vi møter menneske i naturen, og individet må lytte til naturlovene. Han er kalla den første lyriske  modernist, og fleire av dikta hans har eit ekspresjonistisk trekk. Uppdal skreiv på nynorsk, men  etter kvart blanda han inn mykje av dialekta si.

Her er eksempel på dikt vi finn i denne samlinga:
Eg kjende stein og hamrar voks
or det lause, blaute
i mi sjel
og breidde seg ut i ryggen,
som fjell-tindar.

Den heite tåke-eimen
har fylt mi sjel.
Sola har,
som ein stor rund blodsjø,
farga eimane.

Det har vore eit drivhus
i mi sjel.
Store bregneskogar, 
som fjell mot blodraud himmel.
Som fast syngjande koral-øyar
steig skogane upp av det varme skoddehav i mi sjel

Kjærasten min
Du har drikk
i kiss´bærlippun´små.
Og stjerneaugo er ei bok
eg tyde må.
Og lik ein storskoh
frisk av vill-dåm, er ditt hår.
og inn i andletsdraga
ser eg vårens gull.

Arbesmann
Når dagjen e slut og de e kveill
han trøytt inn i stugu starve,
og haue de tongt mot brøste feill
me maten han i sæg karve,
de snautt så vidt han sæg vakjinn heill
me klean han tå sæg larve.

Han veillte sæg tongt i sengjen si,
han møyes ikkj me å såvå,
han kvile just ikkj i drømmåm bli,
me muru (mareritt) han tongt fe kåvå,
og vakne igjen te slit og stri,
fer maten so må han gråvå.

Aschehoug
1978


1 kommentar:

  1. Jeg ble veldig nysgjerrig på Uppdal etter å ha lest om Askerkretsen, men har ikke somlet meg til å faktisk gjøre noe mer enn å konkludere at jeg vil vite mer. Takk for påminnelsen!

    (Ikke hold pusten, bare)

    Og du? Kiss´bærlippun´ - for et herlig ord :)

    SvarSlett