tirsdag 29. august 2017

Elena Ferrante: Den dunkle dottera (Roman)



Ei lita bok som Elena Ferrante skreiv for mange år sidan, i 2006, og som kanskje er den som er starten på Napolikvartetten(?) Vi kjenner iallefall att både personar og navn her.

Leda er ei kvinne i 40-åra, og er veletablert universitetelektor. Ho har to voksne døtre, som begge har reist til Canada, der faren bur. No er ho på ferie i ein liten kystby sørpå, leier leilighet og nyter dagane på stranda medan ho førebur nytt semester.  Der er ho omgjeve av ein høglytt storfamilie fra Napoli. Dei regjerer heile stranda, det er uråd å ikkje legge merke til dei. Men det er særlig en ung jente og den lille dottera hennar som vekkjer  oppmersomheita hennar. Her er det tradisjonnelle kjønnsroller, ein dominerande ektemann som kjem etter arbeidstid, og kvinner som stiller opp. Den unge jenta leiker med dottera si, og ei dokke er sentrum for leiken. Da dokka ein dag vert borte, vert det stor oppstuss, og ho vert ein viktig bit i forteljinga om Leda og den aktive familien.

Medan Leda følgjer rørslene deira, vekkes minner frå den tida ho fekk barn, og dei vala ho tok og konsekvensane for disse. Ho reiste frå dei to døtrene og vart borte i tre år, utan å halde kontakt. Ho står fram som ei sterk kvinne, som har teke val utan omsyn for andre enn seg sjøl. Ho er ikkje ei kvinne eg får sympati for.  Men det er kanskje ikkje så rat at ho er den ho er:
"Eg opna ei bok, men eg var fanga i eit surr av bitre kjensler som ved kvar lyd, kvart fargeglimt eller kvar lukt blei endå bitrare. Desse folka ergra meg. Eg hadde vakse opp i eit miljø som likna, onklane og tantene mine var slik, søskenbarna mine var slik, far min var slik, dominerande og overdrive hjarteleg. Fulle av komplimenter, vanlegvis svært omgjengelege, alle spørsmål som kom ut av munnen deira, let som godhjarta ordrar, men det var berre påtatt; ved behov kunne dei vere vulgært aggressive og brutale". 
Ferrante skriv i denne romanen svært godt, slik vi kjenner ho gjennom dei andre bøkene som er utgjeve i Noreg. Her ligg mykje fram i dagen, men likevel er det så mange hint og antydningar gjennom menneska og bånda mellom dei at det vert som ein liten thriller. Berre gjennom dei korte telefonsamtalene med døtrene, kjem undertonar fram som fortel meir enn det som vert sagt. Ferrante går djupt inn i  karakterane sine og viser dei inste kjenslene deira. Og da kjem ofte usympatiske trekk fram i dagen. Ho forherligar dei ikkje, noko som gjer dei truverdige og ekte.  Det er dette som gjer boka interresant, og driv lesaren framover mot ein dramatisk slutt.

Samlaget
2017
151 sider
Oversett av Kristin Slørsdal
Nynorsk
Leseeksemplar

3 kommentarer:

  1. Jeg har lest fem bøker av Ferrante, men ikke denne. Kjekt å høre om den, men det virker som det er mye gjenkjennelig fra de andre romanene, så jeg tror jeg konsentrerer meg om andre bøker på høstlisten.

    SvarSlett
  2. Jeg har kun lest "Svikne dagar", men den likte jeg såpass at jeg godt kan tenke meg å lese mer av henne :)

    SvarSlett
  3. Denne står på vent hos meg.:)

    SvarSlett