tirsdag 10. oktober 2017

Lars Amund Vaage: Den vesle pianisten (Noveller)


Denne novellesamlinga består av åtte ulike noveller. Her møter vi unge gutar eller menn som undrast over korleis livet har blitt for dei. Uforløyste draumar. Det er ikkje lett å skrive om disse novellane, da dei er svært ordknappe og fylt med bilete.  Eg har halde på lenge med samlinga, da mange av novellene ikkje er lette å få tak på.

I den første novella, Den bortkomne, møter vi Thomas og onkelen Hans, som kjem att frå Amerika, der han har vore i mange år, mest utan å halde kontakt. Onkel Hans er gardguten som ikkje valde å ta over garden, men reiste bort. Han er effektiv og arbeidsam og set no fart på oppbygginga av garden, som broren ikkje hadde halde i hevd. Broren er ingen mønsterbonde. Thomas arbeider saman med onkel Hans og lærer av han. Han vert den onkel Hans aldri vart.

I novella Tidleg er vi i draumeland. Tilstanden der du er midt mellom søvn og vaken. Om natta kjem alle tankane, anger, tvil. "Draumen klipper ut sitt bilete, let det stå for seg sjøl. Han riv ut biletet ut frå samanhengen. Du skal sjøl laga samanheng. Draumen driv ikkje med slikt, tvert imot. Draumen forvrengjar alt for å seie deg kven du er."

Nitten år er den novella eg likte best. Her møter vi Hallgeir, skulelev som har mista motivasjonen. Han kjenner seg tom. Istaden for å lese lekser skriv han korte dikt.  Han kjenner seg ikkje heime på skolen, ikkje blant dei andre elevane. Ikkje blant jenter. Han ønskjer å slutte, kome heim til garden inst i bygda. der alt er godt og trygt. Men han opplever at barndomen er passert, han høyrer ikkje til der heller.

Her er novella om han som reflekterer over livet medan han arbeider. Han venter på ein beskjed frå legen som kan snu opp ned på alt. Og novella om enkemannen med to døtre som har funne ei ny dame. Men eksen hennar vert ein del av samlivet, ingen av dei klarer å sleppe taket. Ikkje lett å byggje opp eit nytt forhold.

I tittelnovellen er det Sigurd vi møter. Han spelar piano, har draumar og store ambisjoner. Og urimelege krav til pianolæraren. Mykje psykolgi her. Og den triste novella Seint, som handlar om bakaren og kona hans, med mange barn. Ei bitter mor som aldri får ein takk for det ho gjer.
"Eg spurde henne kvifor ho hadde fått barn. Og så mange. Kva skulle ho med oss? Me hadde ikkje bedt om å koma, sa eg. Me hadde ikkje nett invitert oss sjølve inn i livet hennar. Det fant ingen nye ord i huset. Alt var sagt i huset, unntatt det mjuke. Alt var sagt og gjentatt i det endelause. Det gjekk på tomgang no." 

Omtale Den vesle pianisten
Gripande saker, men eg klarte ikkje å verte rive med like mykje i kvar novelle. Eg har lese bøker av Vaage før, og veit at han har eit språk som er svært  talande og billedleg. Men denne gongen datt eg litt av lasset. Likevel vil eg gjerne anbefale novellesamlnga vidare, da eg har fått mange tankar i etterkant.  Gjenkjennande eller ikkje, draumar har vi alle.

Forlaget oktober
2017
222 sider
Nynorsk
Lesareksemplar


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar