torsdag 26. oktober 2017

Øystein Orten: Brevet til Rosalin (Roman)

Brevet til Rosalin

Dette er historia til ein gamal mann, skrive som brev til ei kvinne, Rosalin. Romanen er delt inn i merkedagar frå almanakken. Vi forstår at han bur åleine, men ei ung kvinne kjem og hjelper han i det daglege stellet. I nabohuset bur Asle, ein vaksen mann med eit barnesinn. Breva til Rosalin handlar om kvardagane, men også minner som kjem. Mellom anna minner om Veronika, dottera han miste. Om kona som fall saman etter tapet. Om sorga og avmakta han kjende den gongen, og no medan han skriv. Han kjenner at han ikkje har så lenge att, og brevet til Rosalin må bli ferdig. 

Det kjem fram at han har slite med noko heile livet, og gjennom små innblikk i dagar frå krigen, der han kjempa som  motstandsmann, skjønar vi etter kvart kva det er.  Men vi må vente heilt til dei siste sidene før vi får løysinga på kva han pinest med. Vi vert dregen inn i livet til den gamle læraren, som var streng, men respektert. Som gler seg over at dei elevane som sleit mest i skolen er dei som helsar på han i dag. 

Orten skriv vakkert og gripande. Glimrande prosa med vakre nyanser og biletspråk. Sjølv om boka er kort, må ein bruke tid for å få med alle detaljane i språk og innhald. Kort sagt ei nydeleg lita bok eg skulle ønskje mange ville lesa. 

Andre som har lese og likt boka er beathe

Samlaget
2016
100 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib

6 kommentarer:

  1. Denne boka har eg lese, og likte den godt.
    Orten bur i nabokommuna og hans bok kom ut same tida som
    mannen min si bok "Flest kvardagar" kom ut.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så spennande! Eg har allereie gått inn på biblioteket og bestilt boka!

      Slett
    2. Som tidligare tilsatt i fylkeskommunen, kjende eg att navnet til mannen din når eg søkte opp boka! Eit kjent navn innanfor fylkespolitikken. Dette var eg ikkje klar over!

      Slett
    3. Artig. Det visste ikkje eg heller, at du var i fylkeskommuna.
      Hadde dei boka på biblioteket ? Eg spør fordi den var utselt før jul, men no har han fått trykt opp nytt opplag.

      Slett
    4. Ja, boka var på Volda bibliotek. (Eg jobba i videregående skole som rektor i 20 år.)

      Slett
  2. OK. Eg jobba også i vg skule frå 1989 til 2005,
    men var nok i kvar sin ende av fylket...
    Og så har me bryllupsdag likt :)

    SvarSlett