onsdag 30. mai 2018

Tora Seljebø: Huset på prærien (Roman))



Dette er ei historie om to søstre som bur saman med mor si i eit hus på prærien. Dei lever fattegsleg og enkelt. Dei får ikkje vidare kjærleik frå mora, som tydelegvis er deprimert og lir av sterk hodepine. Ho som fortel historia er den yngste av søstrene, og ho meiner at den eldste, Gloria, er penare enn henne. 
" Men eg visste at det naturlege oppsynet  var innstudert. Gloria med det lange, lyse håret, den evige kamminga framfor spegelen."
Det er mange menn som arbeider ute på jordene, og jentene trekkes mot dei. Her er både spenning og følelse av bli sett. Ein dag kjem ein hestetemmar, som skal bu på loftet.  Om natta lister ho seg ut, det vert bilturar og bading med han. I mørkret  kjenner ho at ho er like vakker som Gloria. Like lys. " Det er englane som har spunne huda di, seier han, vove ho gjennom harpene sine. Orda han er så store, som ein gamal redningsvest, syg til seg vatn og blir eit søkke." 

Om natta lever ho eit vaksenliv, går over grensene og lever ut kjærleiken, om dagen er ho den vesle jenta på prærien , med kattungar, kaniner og dokker.

"Om dagen overser han meg. Når lysa blinker om kvelden, har eg gløymt at det gjer vondt. Eg sit med lekser, den vesle gongetabellen, det er reknestykke som ikkje går opp, men fingrane mine tel, over halsen, øyra, to augnebryn,  kva skal du med meg, seier han. Ein snar puls i halen,eit harehjerte. Om natta er eg alt som blir kviskra inn i meg, svulmande ord, slike som er sanne berre når dei er sagde."

Ein svært sterk liten roman. Eg var mest uvel av å lesa den. Ei slags Lolita-historie som viser korleis lengting etter kjærleik og det å verte sett kan føre til handlingar som i dette tilfellet er svært upassande og ikkje riktig. Tora Seljebø skriv godt, så det er ei absolutt lesverdig bok. Men les den sakte, og få inn detaljane i språket.

beathe har også lese denne  romanen.

Samlaget
2018
112 sider
Nynorsk
Lesarekemplar 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar