søndag 22. juli 2018

Tore Kvæven: Når landet mørknar (Roman)




Dette er verkeleg ein storslagen roman med handling frå Grønland i året 1293. Arnar Vilhjalmsson er berre ungguten, og er for første gong med på kvalrossjakt. Han klarer å kjempe imot det store dyret og felle det, og etterpå møter han blikket til ei ung jente. Eit blikk som sitt fast i han og han ikkje gløymer. Det er Eir, frå ei dal lengre unna.

Det er vanskelege tider for folket på Grønland. Mindre kvalross, færre skip som kjem frå Noreg og Island, noko som fører til at byttehandelen vert borte. Fleire ønskjer seg bort. Vi les om Bergfinn, som vil reise til Island og freiste lukka der. Han overgir garden sin til Arnar, mot ein diger tømmerstokk som Arnar har funne og lagra. Denne bygger Bergfinn båt av. Arnar har også draumar om å reise til Vinland ein gong. Han er ein viljesterk mann som går eigne vegar, og trassar både høvdingen Himin-Gorm, gudar og lover for å nå måla sine. Eit av desse måla er Eir, jenta han aldri gløymer.

Dette er ein dramatisk og spennande roman som verkeleg greip meg. Ein blir kjent med menneske i ulike aldrar, frå ulike tilhøve, folk ved kysten og dei som bur i fjelldalane. To av disse er dei aldrande Ramnbit og Margret. Han har levd åleine heile livet på ein øydegard, ho har tidleg mist mann og barn og arbeider no som tenestekvinne. 

" Så arbeidde dei saman, dei to gamle, den haltande kvinna og den støle mannen, til melodien av ein islandsk song som ingen lenger visste kven som hadde laga, eller kven som hadde hatt med seg, og stundom når han gjekk forbi, sa han ho var fin både når ho song, og når ho arbeidde, og ho smilite då og rista på hovudet og song vidare."

I tillegg til den overbevisande forteljinga om menneska, er det mange skildringar av natur og dyr. Arnar rir ofte i fjell og dalar, på leiting etter nytt beite og buplassar.
" Han heldt hesten igjen og løfta blikket og såg seg rundt. Han såg moane i den veldige dalbotnen. Som hadde dei allereie raudna av haust. Han såg vierkjerra og kratta og dvergbjørkas trassige vekstar og lyngens flammande lilla. Og han såg her var gulraude myrar og marker dekte av mose og gras."

Forteljinga om kvitebjørnen som driv gjennom isen på leiting etter mat, er både spennande og og full av dramatikk. Etter lang tid i sjøen finn han land:
" Lenge vart han ståande der, eit utmagra og avkrefat dyr med hovudet mot marka og med knoklane over ryggen og kryssrt kvast teikna under den blaute pelsen. Etter ei tid, då han igjen makta rå over si eiga vekt, skumpa han seg vidare fram til han fann ein myrpytt å drikka av, og han gjekk inn under nakne bergrabbar og la seg tvert i lyngen. Ikkje lenge etter sov han."
 Romanen handlar om kvardagene med hardt arbeid og kampen om å klare seg i magre tider. Og det handlar om tøffe rivaliseringar mellom menn, med bakgrunn i gamle lovnader og sterke stormenn som har alt å seia. Og vi les om motsetnaden mellom skrælingane (Inuittane) og kavdlunakane (Kvite menneske). Irsissuaq, stammehøvdingen og den unge jegeren Amartiuk, som levde nord i landet, og deira liv, er ein del av romanen frå Grønland. Og bak det heile ligg rivningane mellom trua på de gamle norrøne gudane, og Kvitekrist. 

Ei vakker kjærleikshistorie, ein familiesaga, ein thriller, ei historie om Grønland. Alt er så vakkert skrive og så nydeleg formulert. Kvæven har eit sterkt og talande språk, slik at ein kan sjå og leva med i heile historia, Denne gongen hadde eg ikkje høve til å berre lese - lese, men måtte ta fram boka no og da mellom andre aktivitetar og sommarbesøk i huset. Men dette vart berre positivt, da eg fekk fordøygd innhaldet undervegs. Eg vart rett og slett fortrolla, og kan berre seie: Les boka!

Samlaget
2018
451 sider 
Nynorsk
Lesareksemplar

2 kommentarer:

  1. Jeg har hørt flere som har falt helt pladask for denne - så da må jeg også lese den, takk for påminning!

    SvarSlett
  2. Takk for nydeleg omtale som gjer meg nysgjerrig på boka.
    Eg må notere tittelen på telefonen så eg hugsa det.
    Tusen takk for gode ord til innlegget mitt. Så leit å høyre om søster di.
    Det er harde bud både for den som er sjuk og dei som er rundt om.
    Me tek ein dag i gongen og håpe håpe.

    Klem

    SvarSlett