onsdag 3. oktober 2018

Ruth Lillegraven: Skogen den grøne (Dikt) Artemisias diktutfordring

Skogen den grøneI

Det er så bra at det vert gjeve ut dikt for barn. Dei elsker rim og regler, så dette er ein fin måte å formidla litteratur på. Dikt frå ein dag i naturen, der fuglar, skog, dyr, vær og årstider er skildra slik at barna kan glede seg over det dei les. Når ein er lei lekser og mas er ein skogstur løsninga.
Ta ungane med ut i naturen, dikt saman med dei, og les gjerne Lillegravens dikt når dei kjem heim att. Her eit par eksempel frå boka:

Haust
høyr!
kviskrar stien
hausten spring
gjennom skogen
stel sommaren
og kjem med
vinteren
og sjå!
gule lauv ligg og
lyser på bakken
det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut

Også døden kan skildrast i diktform for barnet:
Død
ein daud sau
ligg ved stien
fluger og
larver aular
ramnen skrik
snart er det
berre bein att
hovudskallen lyser
munn og auge er
svarte hól i det kvite
speglar måne mot
nattsvart himmel
kanskje går det slik
med alt som lever.

Da eg har lese boka som eBokBib får eg ikkje med dei vakre illustrasjonan av Mari Kaustad Johnsen. Dei gir boka eit ekstra pluss.

Valde denne diktsamlinge som septemberbok i Artemisias diktutfordring, da eg ikkje fekk tak i den samlinga eg hadde planlagt.

Samlaget
2018
61 sider
Illutrert av Mari Kaustad Johnsen
Nynorsk
Lese som eBokBib

3 kommentarer:

  1. Takk for bidraget Åslaug..:) Dette virker som en fin bok, som jeg ser flere nå har lest. Vurdere det selv, ble enda mer fristet av å lese din omtale. LInker innlegget ditt inn i samleinnlegget.
    Selv leste jeg en mer merkelig og mye lengre samling denne gangen.. Nettopp omtalt i bloggen.

    SvarSlett
  2. Ser at du også liker denne ja, Åslaug - en diktbok med mening for barn dette.

    SvarSlett
  3. Ja,denne likte jeg også veldig godt :-)

    SvarSlett