mandag 3. desember 2018

Tarjei Vesaas: Dikt i samling (Artemisias diktutfordring)


Disse dikta vart første gong gjeve ut i 1969. Seinare er den utgjeve i ny og redigert utgåve. Denne eg har i bokhylla mi er frå 1970.

«Lyrikken er den finaste form for dikting. Den opphavlege og evig rette form i grunnen. Der er alt det som strøymer gjennom eit menneskesinn konsentrert i eit par små vers. Derfor er det eit gamalt ord som seier at poesien er gudanes tungemål.» 
Slik opna Tarjei Vesaas ei forelesingsrekkje om lyrikk på Nansenskolen i 1939. Sjølv var han 49 år da den første diktsamlinga hans, Kjeldene, kom ut i 1946. Lyrikkdebuten innvarslar Vesaas’ viktigaste diktarperiode. Med Kimen (1940) dreiar forfattarskapen frå realistiske skildringar til ein meir fortetta symbolsk modernisme. Kanskje ikkje tilfeldig at det er no Vesaas også finn seg sjølv som lyrikar?
Sjølv uttalte Vesaas at det var då dei rimfrie dikta byrja å kome at han for alvor fekk lyst til å prøve seg i denne sjangeren. Og etter Kjeldene losna det. No følgde fleire sterke samlingar med dikt: Leiken og lynet (1947), Lykka for ferdesmenn (1949), Løynde eldars land (1953), Ver ny, vår draum (1956) – alle med i denne boka. "


Det var så fint å lese dikt av Vesaas no. På ein måte velkjend, trygt og reint, utan nokon form for dikkedarier. Eg har lese ca 10 dikt for dagen, og må innrømme at nokre har eg hoppa over. Men sitt att med eit inntrykk av samlinga som gjorde meg godt. Vel ut tre dikt her, eit vanskeleg valg!

Vesaas skriv om det heimslege, nære:
ULØYST
Rådlaus i mørkret av og til
ein fast liten neve, 
eit smågut-grep
som famlar og finne vil-
Kjennast somjern.nevar må det.
Kva leite han etter
hjå eigen far?
-han kan nok ikkje få det.

Etter ei reise til Sicilia, der han har skrive fleire dikt, er han komen heim.
BAKKANE HEIME
Helsar på blomane,
helsar på steinane,
helsar på bakkane. 
Helsar på gamle folk
med eit stridt liv
prenta i andletet.
Dei seier:
Godt du kom heim.
Vi har tenkt på deg.

Ein står forvirra og
høyrer dette.
Andletet framfor
er som ein vennleg hoggestabbe.

Endeleg kjenner ein
ein er heime for godt.

Vesaas skriv også mange politiske dikt. Eit av disse er  dette sterke diktet:: 
NAPALM
Som det ikkje var der-
Barnets andlet borgøymt.
Mora ber det bortvendt, 
bortvendt alt som møter.

Ikkje lenger andlet,
men er vendt til henne.
Einast vendt til henne.
I det mørke hus.

Glad eg tok meg tid til mange av dikta til Vesaas no. Bøkene hans står i hylla, og eg kjenner at eg burde lesa noko opp att.


2 kommentarer:

  1. Så fine dikt. Ja, det er noe med disse norske klassikerne våre. Jordnære, enkle dikt i formen, hverdagslige , men også med utsyn mot uretten i verden.
    Takk for bidrag. Linke deg inn i samlesiden her. https://artemisiasverden.blogspot.com/p/diktlesesirkel.html

    SvarSlett
  2. Geirr Lystrup har laget en vakker
    Melodi til dette diktet.

    SvarSlett